Slik kan du få inntekter frå bingo

Frivillige lag og organisasjonar kan få inntekter frå bingo. Du kan få overskot frå den lokale bingoen eller arrangere bingo sjølv.

Organisasjonar som skal tilby og få overskot frå pengespel (bingo og lotteri) med omsetning over 200 000 kroner, må vere førehandsgodkjent av Lotteritilsynet. De finn meir informasjon om førehandsgodkjenning her.

Hovudregelen er at ein organisasjon kan få eit løyve til bingospel med inntil 700 000 kroner per kalenderår. Lokale organisasjonar med 1 000 aktive medlemmar under 18 år, kan få eitt ekstra løyve. Lokale organisasjonar med over 2 000 aktive medlemmar under 18 år, kan få to ekstra løyve. Det må søkast særskilt om ekstra løyve.

Dersom du skal ha pengespel under 200 000 kroner behøver du ikkje søke om førehandsgodkjenning.

Bingo med medhjelpar

Førehandsgodkjente organisasjonar kan kontakte ein medhjelpar for å å knyte til seg ein bingohall. Medhjelparen arrangerer bingo for organisasjonane som har fått løyvet. Det er medhjelparen som koordinerer innsending av søknader om bingospel frå organisasjonane, og leverer rekneskapsrapport til Lotteritilsynet.

Medhjelparen koordinerer organisasjonane som får løyve til pengespel ved dei ulike bingohallane. Dersom medhjelpar skal knyte til seg nye, førehandsgodkjente organisasjonar som kan søkje om bingoløyve og få overskot frå bingoverksemda, skal dette annonserast offentleg.

Lag og organisasjonar som tilbyr bingospel med medhjelpar, får utbetalt sin del av overskotet to gonger i året.

Eit løyve må berre brukast ved ein bingohall. Organisasjonar som har fått tildelt fleire løyve, kan fordele desse på fleire bingohallar, eller arrangere bingo sjølv utan bruk av medhjelpar.

Bingo utan medhjelpar

Mange organisasjonar arrangerer bingo sjølv. Det er organisasjonen som står for alt det praktiske kring avvikling av bingospelet. Det er også organisasjonen som har løyve som er ansvarleg for nødvendig rekneskapsrapportering til Lotteritilsynet.

Eit løyve kan ha ei omsetning på inntil 700 000 kroner.

Bingospel utan medhjelpar med ei omsetning under 200 000 kroner per kaldendarår, kan bli tilbydd utan løyve. Det er likevel eit krav om at inntektene frå bingoverksemda må gå til eit ikkje-fortenestebasert formål. Organisasjonar som tilbyr pengespel under 200 000 kroner treng ikkje førehandsgodkjenning som ikkje-fortjenestebasert organisasjon (inkludert bingo).

Skal ein organisasjon ha fleire pengespel, f.eks lotteri eller bingo, i løpet av året slik at totalen blir meir enn 200 000 kroner, må ein ha separat løyve til pengespel. Organiasjonen må då også ha førehandsgodkjenning.

Bingo i lokalradio/TV

Kringkastarar må førehandsgodkjennast før dei får løyve til å tilby bingo i lokalradio eller lokalfjernsyn. Kringkastaren må ha konsesjon etter kringkastingslova til å tilby lokalradio eller lokalfjernsyn.

Kringkastar kan tilby bingo ein gang per veke per stasjon. Overskotet frå bingoverksemda skal i sin heilskap gå til drift av stasjonen som har løyve. Det kan søkast om omsetning i bingospelet på inntil sju millionar kroner per kalenderår for kvar stasjon som har løyve.

Søknadsfrist for bingo

Lotteritilsynet behandlar søknader om bingo heile året. For dei som skal tilby bingospel frå 1. januar, gjeld likevel søknadsfristen 15. oktober året før. Søknader som er sendt inn før denne dato, er garantert å bli behandla før 1. januar.

Løyve til bingo kan blir gitt for to kalenderår samtidig. Kvart kalenderår er rekna som eit løyve.

Aldersgrense

Det er 18 års aldersgrense for å spele bingo. Organisasjonar som tilbyr bingospel med årleg omsetning under kr 200 000, kan, dersom det er forsvarleg ut frå pengespelets risiko, gjere unntak frå 18 års aldersgrense.

Søknadsskjema

Skjema skal berre brukast av kringkastarar som tilbyr bingo i lokalradio/TV og organisasjonar som tilbyr bingo utan medhjelpar.

Organisasjonar som tilbyr bingospel ved hjelp av medhjelpar, søker via medhjelparen.

Søknadsskjema er ikkje oppdatert etter nytt regelverk, du må difor velje slik inne i skjemaet:

  • Bingo utan medhjelpar må velje «Foreiningsbingo»
  • Bingo med medhjelpar må velje «Entreprenørbingo»
  • Kringkastarar må velje «Radio- og TV bingo»

Rapportering av bingorekneskap

Organisasjonar som tilbyr bingo utan medhjelpar og kringkastarar som tilbyr bingo i lokalradio/TV, skal sende inn eit bingorekneskap innan seks veker etter at løyve er avslutta. Ved løyve som er gitt for to år samtidig, skal det sendast inn bingorekneskap innan seks veker etter kvart avslutta kalenderår, ev. etter avslutta løyve (år to).

Medhjelpar sender inn bingorekneskap per bingohall der organisasjonar tilbyr bingospel med medhjelpar.

Rapporteringsskjema er ikkje oppdatert etter nytt regelverk, du må difor velje slik inne i skjemaet:

  • Bingo utan medhjelpar må velje «Foreiningsbingo»
  • Bingo med medhjelpar må velje «Entreprenørbingo»
  • Kringkastarar må velje «Radio- og TV bingo»