Nasjonaldagen nærmar seg med stormskritt. Her er reglane du må vite dersom du skal arrangere lotteri eller basar.

– Ei endring i lovverket frå 1. januar 2023 gjer det lettare å arrangere smålotteri og basar, eller «pengespel», som det blir omtalt som i den nye lova. Dette er reglar som gjeld alle dagar heile året, ikkje berre nasjonaldagen, forklarar Tore Bell, som er seniorrådgjevar hos Lotteritilsynet.

Enkel hugseregel

Regelen er så enkel at no er det lov å arrangere basar og lotteri for alle. Avgrensinga ligg i at ein kan omsette for maks 200 000 kroner i året, og at overskotet ikkje skal gå til såkalla fortenestebaserte (kommersielle) formål.

– Frisleppet i regelverket opnar også for at skuleklassar, idrettslag og FAU-ar kan arrangere lotteri og basarar til inntekt for til dømes skuleturar eller ny ballbinge til uteområdet. Til no har dette ikkje vore lov, seier Bell.

Endring i lovverket gjer det lettare å arrangere smålotteri og basarar, forklarar Tore Bell, som er seniorrådgjevar i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Det er også nytt er at du ikkje lengre skal informere Lotteritilsynet om at lotteriet eller basaren skal arrangerast. Du skal heller ikkje sende inn rapport om innteninga. Det blir opp til arrangøren å passe på at du ikkje overstig grensa på 200 000 kroner i løpet av året.

Kan ikkje involvere profesjonelle

Det er ikkje lov å bruke ein såkalla «medhjelpar», altså ein profesjonell aktør, til å gjennomføre lotteriet. Det betyr at arrangøren må gjennomføre heile lotteriet sjølv. Du kan bruke Vipps som betalingsløysing, eller til dømes kanalar som Facebook for å orientere om lotteriet, eller til bestilling av lodd.

– Premiane skal vere av avgrensa verdi. Det er ingen grense på kor stor prosentdel av omsetnaden som skal settast av til premiar. Det er ikkje lov med alkohol som gevinst i denne type lotteri, seier Bell.

Du kan lese meir om pengespel med omsetning under 200 000 på nettsida vår, eller lese deg opp på forskrift om pengespill hos Lovdata.