Pengespel med omsetning under 200 tusen kroner

Nye reglar i 2023 for pengespel med omsetning under 200 000 kroner årleg – tidlegare smålotteri, basar og møtelotteri.

Frå 2023 blir «pengespel» definert til å gjelde alle tidlegare typar lotteri, basar og møtelotteri.

Slike pengespel (lotteri, basar, møtelotteri etc) kan frå 1. januar 2023 bli arrangert utan at de treng å melde frå til Lotteritilsynet. Dette gjeld også bingo med årleg omsetning under 200 000 kroner. Det er dermed heller ikkje behov for å melde inn omsetning i etterkant av pengespelet (lotteriet, basaren, møtelotteriet) så lenge pengespelet har ein årleg omsetning under 200 000 kroner.

Har du arrangert smålotteri i 2022 kan du melde inn omsetning her.

Vilkår for pengespel med omsetning under 200 000 kroner

  • Pengespel med årleg omsetning under 200 000 kroner årleg, skal vere til inntekt for alle ikkje-fortenesebasert formål, inkludert ikkje-fortenestebaserte formål i utlandet.
  • Omgrepet «ikkje-foretenestebasert» betyr at aktiviteten ikkje skal ha overskot som formål, og at formålet ikkje skal generere forteneste til dei som driv aktiviteten. Overskotet skal i sin heilskap gå til den frivillige aktiviteten.
  • Pengespelet kan ikkje bli tilbydd på nett og digitale plattformer. Dette gjeld ikkje bruk av elektroniske og digitale løysingar for betaling og distribusjon, som for eksempel Vipps og Facebook.
  • Pengespelet må ha eit lokalt eller regionalt omfang.
  • Det er ikkje høve til å nytte medhjelpar.
  • Pengespelet skal ha avgrensa størrelse på premiane og ha låg eller ingen risiko for speleproblem.

Unntak frå kravet om ikkje fortenestebasert formål

Pengespel i private forsamlingar kan haldast utan at overskotet går til eit ikkje-fortenestebasert formål jf. pengespelforskrifta § 36. Men då er det andre omsetningsgrenser:

  • For pengespel i private forsamlingar er det ei øvre omsetningsgrense på 20 000 kroner per samankomst.
  • For pokerspel i private heimar (utan profesjonelt preg), er grensa maksimalt 20 spelarar â 1  000 kroner per samankomst.