Førehandsgodkjenning av organisasjonar som skal tilby eller motta overskot frå pengespel

Ikkje-fortenestebaserte organisasjonar som skal tilby og motta overskot frå lotteri og pengespel, må vere førehandsgodkjent av Lotteritilsynet.

Omgrepet «ikkje-fortenestebasert organisasjon» er nytt i pengespellova. Kort forklart betyr dette at organisasjonens aktivitet ikkje skal generere forteneste for dei som står bak aktiviteten. I forskrifta § 1 bokstav b, er «ikkje-fortenestebasert organisasjon» definert som organisasjon som ikkje har overskot til formål, og som tilbakefører overskotet til formålet til organisasjonen.

Det er krav både til organisasjonens formål og verksemd, og krav til bruk av overskot frå pengespel.

Kven kan søke førehandsgodkjenning?

Ikkje-fortenestebaserte organisasjonar kan få løyve til å tilby pengespel dersom dei:

  • er registrert i Frivilligregisteret
  • har frivillig innsats som ein viktig del av verksemda
  • ikkje er tilgjengeleg berre for ein lukka krets
  • ikkje driv verksemd som gir privatøkonomiske fordelar

Kravet om registrering i Frivilligregisteret, gjeld ikkje for kyrkjelydar («menigheter») i Den norske kyrkje.

Overskot frå pengespel skal gå til organisasjonens eigen ikkje-fortenestebaserte verksemd, jf. pengespellova § 19. Overskotet kan ikkje finansiere oppgåver som ved lov er lagt til offentlege organ, verksemd som utførast av eller på vegne av offentlege organ eller kjem det offentleg til gode, eller fritidsaktivitetar for vaksne.

Vilkåra i pengespellova § 19 som avgrensar kva overskot frå pengespel kan nyttast til, legg i praksis også føringar på kva organisasjonar som kan tilby pengespel og såleis få førehandsgodkjenning.

Førehandsgodkjenning av kringkastarar

Kringkastarar må vere førehandsgodkjente for å få løyve til å tilby bingo i lokalradio eller lokalfjernsyn. Kringkastaren må ha konsesjon etter kringkastingslova til å tilby lokalradio eller lokalfjernsyn. Konsesjonen må på søknadstidspunktet vere tatt i bruk og hatt aktivitet i siste seks månadane.

Søknad og vedtekter

OBS: Søknadsskjema i Altinn er ikkje oppdatert i tråd med nytt regelverk. Vel difor «Godkjenning som lotteriverdig organisasjon» i fana «Søknaden gjelder». Vi jobbar med å oppdatere skjema i Altinn, men fram til det er på plass må vi bruke det gamle skjemaet.

Legg ved vedtekter, samt datert og underskriven kopi av siste godkjende årsmelding og årsrekneskap, til søknaden. Vi tar kontakt med organisasjonen dersom vi treng meir dokumentasjon for å behandle søknaden.

Det er ikkje søknadsfrist for denne type søknader.

Førehandsgodkjente organisasjonar og kringkastarar skal rapportere rekneskapsopplysningar kvart år

Organisasjonar og kringkastarar må rapportere om endringar som kan påverke godkjenninga, eller andre krav som sikrar at godkjenninga blir handheva på rett grunnlag.

Førehandsgodkjente organisasjonar og kringkastarar skal årleg, innan 1. juni, sende inn rekneskapsopplysningar til Lotteritilsynet. Desse opplysningane blir registrert i Pengespelregisteret, jf. forskrifta § 89 bokstav j.

Dersom endringane gjer at organisasjonen eller kringkastarane ikkje lenger fyller vilkåra for å ha godkjenning, kan Lotteritilsynet kalle tilbake løyve og godkjenning.

Manglande innsending av rekneskapsopplysningar, kan også føre til at løyve og godkjenning blir kalla tilbake.

Bruk av inntekter frå pengespel

Organisasjonen pliktar å bruke lotteriinntektene i samsvar med eigne vedtekter og eventuelle særvilkår som er sett i godkjenninga frå Lotteritilsynet. Kringkastarar må bruke overskot frå bingo til drift av stasjonen som har fått løyve. Overskotet kan ikkje delast ut til eigarar.

Lotteritilsynet tar stikkontroll av korleis inntektene frå pengespel er blitt brukt.

Gebyr

Organisasjonar og kringkastarar må betale eit gebyr på 2 000 kroner for førehandsgodkjenning.

Organisasjonar som har godkjenning som lotteriverdig organisasjon etter lotterilova

Godkjenningar av organisasjonar som er gitt med heimel i lotterilova, gjeld ikkje etter 31.12.2023, jf. pengespelforskrifta § 102 andre ledd. Dette betyr at alle organisasjonar som har godkjenning som lotteriverdig organisasjon pr 31.12.2022, må søke om førehandsgodkjenning som ikkje-fortenestebasert organisasjon. Lokalradio/TV-konsesjonærar må søke om førehandsgodkjenning som kringkastarar.

Lotteritilsynet jobbar med eit søknadssystem for ny godkjenning av organisasjonar og kringkastarar. Dette håpar vi å få på plass i løpet av første halvår 2023. Vi sender informasjon når dette er klart, slik at de kan sende inn ny søknad.

Alle organisasjonar og kringkastarar som skal søke om løyve for 2024, må bli godkjent etter nytt lovverk i løpet av 2023. Gebyr for ny godkjenning er 2 000 kroner.