Organisasjonar som har godkjenning etter pengespellova skal kvart år levere inn rekneskapsopplysningar. Rapporteringsplikta er forankra i pengespelforskrifta § 42.
Korleis skal du rapportere?
Du skal rapportere for rekneskapsåret 2025.
Ved avvikande rekneskapsår, skal organisasjonen rapportere frå rekneskapen som blei avslutta det gjeldande rekneskapsåret, det vil seie at dersom organisasjonen har rekneskapsår som går frå for eksempel juni til august så skal organisasjonen levere det siste godkjende rekneskapen.
Rekneskapen kan berre rapporterast elektronisk, jf. pengespelforskrifta § 88.
Rapporter rekneskap her
Pliktig rekneskapsskjema for førehandsgodkjende organisasjonar (LT-R-001)
Gå til AltinnKvifor må organisasjonen rapportere rekneskap?
Etter pengespelforskrifta, skal organisasjonar som er førehandsgodkjent, føre rekneskap. Organisasjonen skal innan 1. juni kvart år, sende rekneskapsopplysningane til Lotteritilsynet.
Kva må du rapportere?
Organisasjonane skal kunne dokumentere alle inntekter og utgifter, og skal ha oversikt over eigendelar og gjeld.
I rekneskapsskjema som skal sendast inn, skal de føre inn dei samla inntektene og utgiftene til organisasjonen for 2025. I tillegg skal overskot frå pengespel registrerast i skjemaet (dette er ein del av dei samla inntektene). Dette gjeld inntekter frå:
- løyve til bingo med medhjelpar
- løyve til bingo utan medhjelpar med omsetning over kr 200 000
- løyve til radio/tv-bingo med omsetning over kr 200 000
- løyve til lotteri med omsetning over kr 200 000
- pengespel med omsetning under kr 200 000
Du må sende inn rekneskapsskjema sjølv om organisasjonen ikkje hadde pengespel i 2025.
Organisasjonen skal også gje ei kort oversikt over korleis inntektene frå pengespel vart disponert i 2025.
Kven i organisasjonen kan rapportere?
Den som er registrert i Enhetsregisteret som dagleg leiar, eller er styremedlem i organisasjonen, har fullmakt til å levere elektronisk gjennom Altinn.
Dagleg leiar/styreleiar for organisasjonen kan delegere fullmakt. Endring av opplysningar som gjeld organisasjonen, må rettast til Brønnøysundregistrene. Det er viktig at opplysningar om organisasjonen til ei kvar tid er korrekt i Enhetsregisteret i Brønnøysund.
Nytt skjema i Altinn
Lotteritilsynet sitt skjema for reknskapsrapportering er flytta frå Altinn 2 til Altinn 3.
For å fylle ut og sende inn skjema, må du ha delegert ein av to tilgangspakkar frå organisasjonen du representerer. Enkelte roller i Einingsregisteret har desse tilgangspakkane automatisk tildelt (for eksempel dagleg leiar og styreleiar). I tillegg har dei som har rolla styremedlem for organisasjonen tilgang, uavhengig av om dei har delegert tilgangspakken eller ikkje.
Våre skjema inngår i tilgangspakkane
- Lotteri og spill
- Sport og fritid
Det er styreleiar eller nokon andre med rettar for tilgangsstyring i organisasjonen som må delegere tilgangspakke.
De finn opplysningar om tilgangspakkar her (Altinn).
Dersom du har spørsmål om tilgangspakkar, kan du ta kontakt med Altinn.