Godkjenning av medhjelpar

Lotteritilsynet godkjenner medhjelparar som arranger pengespel for førehandsgodkjente organisasjonar

Tilbydarar som skal arrangere pengespel på vegne av førehandsgodkjente ikkje-fortenestebaserte organisasjonar, må vere godkjent som medhjelpar. Det er Lotteritilsynet som etter søknad godkjenner medhjelpar.

Ein medhjelpar blir rekna som «ein enkeltperson eller eit føretak som mot ein del av inntektene eller overskotet, eller anna betaling, gjennomfører eitt eller fleire pengespel for den som har løyvet.» Tidlegare var dette omtalt som «entreprenør».

Her er ei oversikt over kvar lovlege medhjelparar tilbyr sine hovedspel på nett (excel-fil). Lista er ikkje fullstending, og vil kunne bli endra.

Krav til medhjelpar

Krava til medhjelpar går fram av pengespelforskrifta § 40, og er som følger:

  • Søkar må vere eigna til å tilby pengespel etter krava i pengespellova § 9.
  • Søkar må vere suffisient, registrert i Einingsregisteret og kunne dokumentere å ikkje vere under konkurshandsaming.
  • Søkar må ha rutinar for å sikre ansvarleg gjennomføring av pengespel og overskotsbetaling til organisasjonar.

Rekneskaps- og revisjonsplikt

Reglar om rekneskap- og revisjonsplikt for medhjelpar finn du i pengespelforkrifta § 42.

Gebyr

Medhjelpar må betale eit gebyr på 20 000 kroner for godkjenning.

Søknadsskjema

Vi jobbar med nytt søknadsskjema og nye krav til vedlegg som er i tråd med nytt regelverk. Lotteritilsynet vil ha dette på plass innan første kvartal 2023. Ta kontakt dersom du har spørsmål til dette.

Entreprenør som har autorisasjon etter lotterilova

Autorisasjon av entreprenørar som er gitt med heimel i lotterilova, gjeld ikkje etter 31.12.2023, jf. pengespelforskrifta § 102 tredje ledd. Det betyr at alle entreprenørar som har slik godkjenning 31.12.2022, må søke om ny godkjenning som medhjelpar. Dette er eit krav for å halde fram med å tilby pengespel på vegne av førehandsgodkjente ikkje-fortenestebaserte organisasjonar. Medhjelparar som skal tilby denne tenesta i 2024, må vere godkjent etter nytt lovverk i løpet av 2023.