Stiftelsestilsynet har mynde til å vedta dispensasjon frå nokre reglar i stiftelseslova.

Dette er likevel unntaksreglar, og det må derfor liggje føre særlege forhold for at det skal vere aktuelt å gi dispensasjon. Aktuelle forhold kan vere utdeling til opprettar eller styresamansetting.

Utdeling til opprettar

Stiftelseslova set forbod mot at stiftelsen deler ut midlar til opprettaren av stiftelsen. Det same forbodet gjeld opprettaren sin ektefelle eller sambuar eller selskap som opprettar eller ektefelle/sambuar har bestemmande innverknad over.

Forbodet gjeld viss dei eig meir enn halvparten av aksjane/delane, slik at det utgjer fleirtalet av stemmene i selskapet. Like eins gjeld forbodet viss dei har rett til å velje eller avsetje eit fleirtal av styremedlemmene i selskapet. Regelen er grunngitt med det elementære sjølvstendeprinsippet stiftelsesretten byggjer på, og skal hindre såkalla identifikasjon mellom stiftelsens formål og opprettar.

Kan gi dispensasjon

Etter stiftelseslova kan Stiftelsestilsynet gi dispensasjon frå dette forbodet i konkrete enkelttilfelle. Vilkåret er då at det ligg føre ”særlige grunner”. Dette kravet om ”særlige grunner” viser at det er tale om ein snever unntaksregel. Det skal ikkje vere kurant å få dispensasjon.

I førearbeida til lova er dispensasjonsregelen forklart med at det i enkelte tilfelle ikkje er hensiktsmessig å nekte slik utdeling. I slike tilfelle vil det ikkje vere ein så nær identifikasjon mellom opprettar og formålet som utdelingsforbodet er meint å motverke følgjene av.

Døme på dispensasjonar

Førearbeida bruker som døme at ”ideelle organisasjoner o.l. som, eventuelt sammen med andre slike organisasjoner, oppretter en stiftelse til et formål som organisasjonen ivaretar”.

Eit anna døme er at ”en person som har avgitt en formuesverdi til en stiftelse som har til formål å legge forholdene til rette for personer med en bestemt sykdom, og hvor denne senere får samme sykdom” ikkje skal vere forhindra frå å ta imot utdelingar frå stiftelsen.

Styresamansetting

Stiftelseslova set ulike krav til kven som kan vere medlemmer av styret i stiftelsen.

Juridiske personar kan ikkje utgjere eit styre eller vere styremedlemmer i ein stiftelse. Lova gjer unntak der ein stiftelse er fellesforvaltar etter stiftelseslova. Umyndige personar, eller personar som kan setjast i konkurskarantene etter konkurslova, kan heller ikkje vere styremedlemmer.

Minst halvparten

Vidare slår stiftelseslova fast at minst halvparten av medlemmene av styret skal vere busette i riket, med unntak av statsborgarar av ein EØS-stat som er busette i EØS-området.

I stiftelseslova er det bestemt at følgjande personar verken kvar for seg eller samla kan vere einaste medlem av styret i ein stiftelse:

  • den som har gitt ein formuesverdi som inngår som grunnkapital i stiftelsen – merk at dette ikkje nødvendigvis er opprettaren av stiftelsen
  • nærståande til den som har gitt slik formuesverdi til stiftelsen
  • person som har tillitsverv i, eller står i tilsetjingsforhold eller anna underordningsforhold til, den som har avgitt slik formuesverdi til stiftelsen
  • den som er nærståande til ein som har bestemmande innverknad over ein juridisk person som har gitt formuesverdi som inngår som grunnkapital i stiftelsen


Er det berre to personar i styret, kan ein person som nemnt ovanfor heller ikkje vere styret sin leiar.

Kan gjere unntak

Stiftelsestilsynet kan gjere unntak frå reglane, og det er her ikkje krav om ”særlige grunner”. Det blir då opp til Stiftelsestilsynet å vurdere om det i den konkrete saka vil vere rimeleg og hensiktsmessig å gi dispensasjon. Vi vil til dømes kunne gi dispensasjon frå kravet om busetjing når det ikkje er tvil om at stiftelsen likevel vil høyre heime i Noreg. Det same gjeld dersom den aktuelle personen er ein fagkyndig som det er sterkt behov for, eller som stiftelsen har eit sterkt ønske om å ha i styret.

Reglane gjeld tilsvarande for varamedlemmer og observatørar.

Stiftelsestilsynet har høve til å vedta unntak frå regelen om at ein juridisk person ikkje kan vere styre for stiftelsen. Du kan lese meir om særregelen om fellesforvalktar som styre her (lenke).