Sjå korleis du går fram for å forhøye grunnkapitalen i stiftelsen

Dersom ein stiftelse vil auke grunnkapitalbeløpet som står i vedtektene, må de følgje særreglane som gjeld i stiftelseslova (https://lovdata.no/lov/2001-06-15-59/§16). Lova set òg ei avgrensing for styret si moglegheit til å redusere grunnkapitalen.

Auke av kapitalen kan vere:  

  • Når ny eigenkapital blir overført til grunnkapitalen 
  • Når stiftelsen får midlar etter at den blei oppretta, til dømes som gåve eller ved testamente. Då kan det ikkje vere slik at den som gir midlane har som føresetnad at dei ikkje skal gå inn som grunnkapital i stiftelsen.  

Slik er saksgangen: 

  1. Styret gjer vedtak om å auke grunnkapitalen. Dette vedtaket må ikkje stride mot formålet til stiftelsen, vedtektene eller opprettarens føresetnader.  
  2. Styret i alminnelege stiftelsar melder kapitalauken til oss og styret i næringsdrivande stiftelsar melder til Føretaksregisteret, innan seks veker etter at styret har vedtatt endringa. Dersom dette ikkje blir gjort er ikkje kapitalauken gyldig.  

Les også denne rettleiinga om kapitalendring.

Melding som blir sendt inn på annan måte enn i Altinn, vil bli returnert (på e-post eller i brev).

Meldinga må innehalde:  Styreprotokoll som viser: 

  • Beløpet grunnkapitalen skal aukast med, og størrelsen på grunnkapitalen før og etter auken.  
  • Om auken skjer ved at stiftelsen har fått midlar frå andre etter at den blei oppretta må de og legge ved ei revisorerklæring, som stadfestar at midlar er stilt til disposisjon for stiftelsen. Ved overføring frå annan eigenkapital trengst ikkje revisorerklæring.
  • Reviderte vedtekter.

Sjå døme på styreprotokoll med vedtak om å auke kapitalen.

Sjå døme på styreprotokoll for kapitalauke ved gåvedisposisjon.