Stiftelsar har rekneskapsplikt etter rekneskapslova § 1-2 . I tillegg har alle stiftelsar revisjonsplikt etter revisorlova § 2-1.
Vi har laga ein rettleiar for revisorar, som du finn nedst på sida.
Plikt til å levere rekneskap
Årsrekneskap og årsmelding skal vere fastsett innan seks månader etter rekneskapsåret er avslutta, generelt innan 30. juni. For å unngå forseinkingsgebyr må årsrekneskapen med notar, årsmelding og revisjonsmelding sendast til Rekneskapsregisteret seinast 31. juli i året etter rekneskapsåret.
Stiftelsar som kan reknast som små føretak etter rekneskapslova § 1-6, er ikkje pliktige til å utarbeide årsmelding.
Rekneskap kan berre sendast inn elektronisk via Altinn. Årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding skal ikkje sendast til Stiftelsestilsynet.
Må ha revisor
Alle stiftelsar må bruke ein statsautorisert revisor som er registrert hos Finanstilsynet.
Informasjon om val av revisor og revisor sine plikter finn du i stiftelseslova §§ 43 og 44. Merk at det er nokre stiftelsar som kan velje kommune- eller fylkesrevisjonen som revisor for stiftelsen. Det går fram av § 44 kven dette gjeld.
Revisor skal løpande sende kopi av nummererte brev, som nemnt i revisorlova § 9-5, til Stiftelsestilsynet. Revisor kan sende desse til postmottak@lottstift.no, eller via Digipost dersom de ønsker ein sikrare kanal enn e-post.
Rettleiar for revisjon av stiftelsar
Stiftelsestilsynet har laga ei rettleiing for revisorar. Rettleiaren blei revidert i mars 2026.
Rettleiaren gir oversikt over spesielle plikter i forbindelse med revisjon av stiftelsar, og er meint som eit nyttig verktøy for revisorar når dei skal gjennomføre revisjonen.
Kvifor er kontrollen frå revisor viktig i stiftelsar?
Revisor er ein uavhengig og informert aktør som fører kontroll med styret si forvaltning. Kontrollen frå revisor kan sikre at stiftelsen jobbar etter formålet, og i samsvar med lova og vedtektene.
Kontrollhandlingane til revisor er viktige for stiftelsen sjølv, men også for brukarane av rekneskapen og for Stiftelsestilsynet. Den uavhengige kontrollen bidreg også til at samfunnet kan ha tillit til det arbeidet som vert gjort i stiftelsar og til stiftelsesforma meir generelt.