Stiftelsar har generell rekneskapsplikt etter rekneskapslova.
Må levere rekneskap
Årsrekneskap og årsmelding skal fastsetjast innan seks månader etter rekneskapsåret er avslutta, generelt innan 30. juni. For å unngå forseinkingsgebyr må årsrekneskapen med notar, årsmelding og revisjonsmelding vere sendt til Rekneskapsregisteret seinast 31. juli, i året etter rekneskapsåret.
Rekneskap kan berre sendast inn elektronisk via Altinn. Årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding skal ikkje sendast til Stiftelsestilsynet.
Små føretak har ikkje plikt til årsberetning
Merk at rekneskapslova vart endra 1. januar 2018. Lovendringane betyr at små foretak ikkje lenger har plikt til å utarbeide årsberetning. Dei nye reglane har verknad for stiftelser som fell under definisjonen av små føretak i regnskapslova § 1-6.
Les meir om endringane i rekneskapslova på regjeringen.no.
Må ha revisor
Stiftelsar har plikt til å bruke statsautorisert revisor registrert hos Finanstilsynet. Informasjon om val av revisor og revisor sine plikter finn du i stiftelseslova §§ 43 og 44. Merk at det er unntak for stiftelsar der kommunar oppnemner styrefleirtalet.
Revisor må løpande sende kopi av nummererte brev som nevnt i revisorlova § 9-5 til Stiftelsestilsynet. Kopi av nummererte brev sender de til postmottak@lottstift.no. Dersom de ønsker ein sikrare kanal enn epost, kan de sende breva til Lotteri- og stiftelsestilsynet via Digipost.