Vil samvirkeforetaket gjere endringar som gir medlemmane rett til ein større del av midlane ved oppløysing? Då skal Stiftelsestilsynet kontrollere om det er sakleg grunn til endringa.
Når må samvirkeforetaket søke om godkjenning?
De må søke Stiftelsestilsynet om godkjenning dersom årsmøtet har vedtatt ei endring som gjer at medlemmane får rett til ein større del av midlane ved oppløysing enn dei har etter dagens vedtekter.
Det gjeld ved vedtektsendring, fusjon, fisjon eller omdanning til aksjeselskap eller allmennaksjeselskap – etter kapittel 8, 9, 10 og 11 i samvirkelova.
For slike vedtak gjeld følgande krav:
- Vedtaket må vere i samsvar med vedtektene og samvirkelova.
- Vedtaket må vere gjort av årsmøtet med fire femdels fleirtal av dei gitte stemmene.
- Det må vere sakleg grunn for endringa.
- Stiftelsestilsynet må godkjenne vedtaket.
Stiftelsestilsynet kan stille vilkår for endringa.
I praksis er det berre aktuelt å søke dersom vedtektene slår fast at andre enn medlemmane skal ha ein del av nettoverdien ved oppløysing og endringa fører til at medlemmane får ein større del enn før. Med andre ord; der vedtektene allereie bestemmer at medlemmane skal ha alle gjenverande midlar ved oppløysing, skal de ikkje søke godkjenning hos oss.
Sjekk dette først
Lurer de på om Stiftelsestilsynet skal godkjenne endringa? Sjekk først dei gjeldande vedtektene til samvirkeforetaket. Seier vedtektene at det er andre enn medlemmane som har krav på midlar ved oppløysing? Då kan det hende at endringa krev godkjenning frå Stiftelsestilsynet, til dømes dersom endringa fører til at medlemmane skal få restformuen ved oppløysing.
Her er eit døme på vedtekter som gir andre enn medlemmane krav på restformuen:
«Dersom oppløysing av foretaket er vedteke, blir det valt eit avviklingsstyre på fire medlemmer. Når all gjeld er betalt, skal andelseigarane få betalt tilbake andelen sin. Eventuell restformue skal gå til fotballbaner i Lillevik eller andre allmennyttige formål».
Sjå kva de må sende inn
Skal de søke om godkjenning av vedtak, finn de informasjon om vilkår, dokumentasjon og innsending her:
Kva kan vi rettleie om?
Vi kan rettleie om den delen av samvirkelova der vi skal godkjenne vedtak. Vi rettleiar ikkje om andre delar av regelverket.
Stiftelsestilsynet fører ikkje tilsyn med samvirkeforetak. Vi skal kontrollere og godkjenne enkelte vedtak etter samvirkelova.
Kva er eit samvirkeforetak?
Eit samvirkeforetak er ei organisasjonsform som har til hovudformål å fremme dei økonomiske interessene til medlemmane. Det skjer gjennom medlemmane si deltaking i verksemda som kundar, leverandørar eller liknande.
Avkastning blir anten ståande i samvirkeforetaket eller fordelt mellom medlemmane på grunnlag av deira del av omsetninga med foretaket. Ingen av medlemmane har personleg ansvar for gjeld.
Les meir om samvirkeforetak hos Altinn og i samvirkelova § 1.