Skal de endre vedtektene, fusjonere, fisjonere eller omdanne samvirkeforetaket på ein slik måte at godkjenning frå Stiftelsestilsynet er nødvendig? Her får de vite kva dokumentasjon de må sende inn, og kva vi legg vekt på når vi behandlar søknaden.

Før de startar arbeidet, må de sjekke kor tid de skal søke oss om godkjenning. Les om vilkåra her.

1. Dette må de sende inn

For at vi skal kunne behandle søknaden raskt, er det viktig at de sender inn all dokumentasjon som er relevant for typen endring de har vedtatt. Sjå liste over kva som må ligge ved søknaden.

Søknad om godkjenning av vedtektsendring

• Gjeldande vedtekter
• Protokoll frå årsmøtet som viser vedtaket og at det er gjort med fire femdels fleirtal
• Nye vedtekter
• Grunngiving for vedtektsendringa

Søknad om godkjenning av omdanning til aksjeselskap (AS) eller allmennaksjeselskap (ASA)

• Gjeldande vedtekter
• Protokoll frå årsmøtet som viser vedtaket og at det er gjort med fire femdels fleirtal
• Omdanningsplan som oppfyller krava i § 147
• Årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding
• Revisorbekrefta opningsbalanse for selskapet – som oppfyller krava i § 148 (2)
• Utkast til nye vedtekter for AS/ASA
• Grunngiving for omdanninga

Ved omdanning til aksjeselskap eller aksjeselskap må samvirkeforetaket også oppfylle dei særlege reglane i samvirkelova om mellom anna eigenkapital (sjå § 146 tredje ledd) og fordeling av aksjar (§ 135 femte ledd, andre og tredje punktum).

Søknad om godkjenning av fusjon eller fisjon

• Gjeldande vedtekter
• Protokoll frå årsmøtet som viser vedtaket og at det er gjort med fire femdels fleirtal
• Fusjons- eller fisjonsplan som oppfyller krava i § 121 for fisjon og § 104 for fusjon og fisjon
• Siste årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding for dei foretaka som er med på fusjonen/fisjonen dersom dei har rekneskapsplikt og revisjonsplikt
• Vedtekter for overdragande og overtakande foretak
• Grunngiving for fusjonen eller fisjonen

2. Alle endringar krev grunngiving: Det må vere sakleg grunn for endringa

Samvirkeforetaket må forklare kvifor de ønsker endringa. Grunngivinga må vise at det er sakleg grunn for å gjere vedtaket.

Når vi vurderer om grunngivinga er sakleg, gjer vi ei konkret vurdering opp mot interessene og omsyna i den gitte saka.

I forarbeida til samvirkelova blir det mellom anna sagt om vurderinga: «Eit ønske om å skaffe seg tilgang på nettoformuen ved oppløysing, er ikkje i seg sjølv ein sakleg grunn. Annleis kan det stille seg dersom foretaket kan godtgjere at ein auka utdelingsadgang vil vere forretningsmessig gunstig for verksemda, til dømes fordi det kan innebere at medlemmane blir meir villige til å tilføre kapital og delta aktivt i verksemda.»

Fire omsyn det kan bli lagt vekt på

Forarbeida nemner fire kryssande omsyn eller interessegrupper som det kan bli lagt vekt på i vurderinga av sakleg grunn:

  • Den eller dei som er tilgodesett i vedtektene til samvirkeforetaket før endring. Dei kan vere nemnde særskilt, som at midlane skal nyttast til visse formål eller mottakarar. Men det er meir vanleg at dei er meir abstrakt skildra, som at midlane skal gå til eit eller fleire samvirke eller allmennyttige formål.
  • Tidlegare medlemmer, som gjennom deltakinga si i foretaket har vore med på å bygge opp fellesformuen.
  • Noverande medlemmer.
  • Offentleg myndigheit eller private som har støtta samvirkeforetaket finansielt eller på anna måte.

Stiftelsestilsynet kan stille vilkår for godkjenninga. Eventuelle vilkår må stå i sakleg samanheng med godkjenninga og kan ikkje vere uforholdsmessig tyngande.

Les meir om kravet til «sakleg grunn» i desse rettskjeldene:

3. Slik sender de inn søknaden

Når de har samla all nødvendig dokumentasjon, sender de søknaden til postmottak@lottstift.no eller per post til Lotteri- og stiftelsestilsynet, postboks 800, 6805 Førde.