Skal de auke grunnkapitalen i stiftelsen?

Dersom ein stiftelse endrar grunnkapitalen som står i vedtektene, er det rekna som ei vedtektsendring.  

Auke av kapitalen kan vere:  

  • Når ny eigenkapital blir overført til grunnkapitalen 
  • Når stiftelsen får midlar etter at den blei oppretta, til dømes som gåve eller ved testamente. Då kan det ikkje vere slik at den som gir midla har som føresetnad at dei ikkje skal gå inn som grunnkapital i stiftelsen.  

Slik er saksgangen: 

  1. Styret gjer vedtak om å auke grunnkapitalen. Dette vedtaket må ikkje stride mot formålet til stiftelsen, vedtektene eller opprettarens føresetnader.  
  2. Styret i alminnelege stiftelsar melder kapitalauken til oss og styret i næringsdrivande stiftelsar melder til Føretaksregisteret, innan seks veker etter at styret har vedtatt endringa. Dersom dette ikkje blir gjort er ikkje kapitalauken gyldig.  

Les også denne rettleiinga om kapitalendring.

Dersom du ikkje har tilgang til Altinn kan du sende oss ein søknad via postmottak@lottstift.no, eller til Stiftelsestilsynet, Postboks 800, 6805 Førde.  

Meldinga må innehalde:  Styreprotokoll som viser: 

  • Beløpet grunnkapitalen skal aukast med, og størrelsen på grunnkapitalen før og etter auken.  
  • Om auken skjer ved overføring frå annan eigenkapital eller om stiftelsen har fått midlar frå andre etter at den blei oppretta. Då må de og legge ved ei revisorerklæring som stadfestar at midla er stilt til disposisjon for stiftelsen. 
  • Reviderte vedtekter.

Sjå døme på styreprotokoll med vedtak om å auke kapitalen.

Sjå døme på styreprotokoll for kapitalauke ved gåvedisposisjon.