Samarbeid går ikkje alltid knirkefritt, og usemje kan over tid utvikle seg til konfliktar. Enkelte har ei forventing om at Stiftelsestilsynet skal ordne opp når konfliktar oppstår i stiftelsar. Svaret vårt er oftast at dette må styret ta tak i. Første bod er å arbeide førebyggjande og ryddig for å unngå konfliktar.
Konfliktar kan lamme styret
Å sitte i eit styre kan til tider vere krevjande. Ulike synspunkt og faglege diskusjonar kan vere viktig for å auke kvaliteten på drifta til stiftelsen. Difor vel ein del opprettarar heilt bevisst at styret skal bestå av personar med ulik bakgrunn og kompetanse.
I nokre tilfelle eskalerer sunne motsetnader til fastlåste konfliktar. Konflikten blir gjerne personorientert, det oppstår ulike fraksjonar og partane sluttar å kommunisere.
Langvarige konfliktar kan gå ut over drifta og formålsrealiseringa til stiftelsen. Tid og krefter blir brukt på konflikten framfor på formålet, eller konflikten fører til at stiftelsen blir påført store kostnader som igjen går ut over evna til å realisere formålet. I verste fall fører konfliktar til ein situasjon der stiftelsen i praksis vert handlingslamma.
Styret har ansvaret
Styret er eit kollegialt organ, og styremedlemane pliktar å samarbeide til det beste for stiftelsen. Styreleiar og kvart enkelt styremedlem har ansvar for at styret fungerer.
Styret har ansvar for organiseringa og drifta av stiftelsen. I det ligg eit ansvar for å løyse konfliktsituasjonar, og for å arbeide førebyggande slik at personkonfliktar ikkje oppstår.
Styrearbeidet må utførast i samsvar med krava i lova og vedtektene. Stor avstand mellom styremedlemmane sine synspunkt eller usemje gir ikkje rett til å vike frå krava.
Stiftelsestilsynet si rolle
Stiftelsestilsynet fører tilsyn med at forvaltning av stiftelsar skjer i samsvar med stiftelsen sine vedtekter og stiftelseslova. Det er ikkje Stiftelsestilsynet si rolle å gå inn i eller handtere konfliktar mellom partar i stiftelsar. Saker som gjeld privatrettslege forhold mellom stiftelsen og andre skal tilsynet heller ikkje gå inn i.
Unntaksvis kan Stiftelsestilsynet fatte vedtak om å avsette eit eller fleire styremedlemmar. Terskelen for avsetting er høg og det vil sjeldan vere aktuelt i konfliktsaker.
Valorganet kan førebygge konfliktar
Valorganet er den eller dei som etter vedtektene skal utpeike styremedlemmane. Det kan vere årsmøtet i ei foreining, eit kommunestyre eller namngjevne personar.
Valorganet bør tenke gjennom at dei skal utpeike medlemmar til eit kollegium, og dei bør velje personar som har føresetnader for å samarbeide med andre og gjere ein god jobb for stiftelsen.
Slik bør styret jobbe for å unngå konfliktar
Styret bør jobbe førebyggande for å unngå konfliktar. Oppstår det ein konflikt, bør styret ta tidlege grep. Og fastlåste eller krevjande saker bør handterast på riktig måte.
Styret må arbeide systematisk og sikre at saksbehandlinga er korrekt. Stiftelseslova stiller krav til saksbehandlinga i § 31. Styret har plikt til å sikre at saker blir handtert i samsvar med krava – også dersom det oppstår konfliktar i stiftelsen.
- Sørg for at saker som høyrer under styret vert behandla av styret, og ikkje av enkeltpersonar. Alle styremedlemmar kan krevje behandling av bestemte saker.
- Behandle sakene i fysisk eller elektronisk møte, med mindre ein anna behandlingsmåte er fullgod.
- Ha formell innkalling, sakspapir og før protokoll over styrebehandlinga. Få protokollen signert av dei som har deltatt i behandlinga.
- Alle som har deltatt i styrebehandlinga har plikt til å signere protokollen. Er du som styremedlem ikkje einig i styret si avgjerd , skal du likevel signere protokollen. Men, du har rett til å få innført oppfatninga di i styreprotokollen. Dette vert ofte omtala som retten til protokolltilførsel.
Ver ryddig i gjennomføringa av styrearbeidet. Styret bør ha planar og/eller rutinar for styrearbeidet.
- Skisser styremøte og saker i ein årsplan.
- Ha ein plan for gjennomføring av formålet.
- Ha ein plan for kapitalforvaltninga
Les meir om praktisk styrearbeid i vår rettleiing: Slik bør styret jobbe.
Styret har plikt til å gjennomføre formålet til stiftelsen. I tillegg har styret plikt til å sørge for ein fullgod internkontroll av rekneskapen og kapitalforvaltninga. Styret har alltid dette kontrollansvaret – også sjølv om oppgåver er delegert til dagleg leiar eller administrasjonen. Les meir om korleis styret bør jobbe her.