I dag har vi fått Statens klarspråkspris 2015. Det er stas av mange årsaker, men først og fremst fordi vi har jobba lenge og godt med å skrive slik at brukarane våre forstår oss. Tilbakemeldingar frå brukarundersøkingar gjort over tre år viser at vi lukkast i stor grad og at vi stadig blir betre.
Juryens grunngjeving kan du lese på Difi sine sider.
Det er eit overordna mål at staten skal gje korrekt og klar informasjon om innbyggjarane sine rettar, plikter og moglegheiter. For å nå dette målet må staten bruke eit godt og klart språk som alle kan forstå. I Lotteri- og stiftelsestilsynet har vi dratt dette endå litt lenger. Alt vi skriv, skal bli forstått på første forsøk. Ambisiøst? Ja.
Ulike brukargrupper
Våre tilsette kommuniserer skriftleg med tusenvis av brukarar med svært variert bakgrunn. Det kan vere profesjonelle aktørar i store stiftelsar, landsomfattande organisasjonar, departement og spelselskap. Men minst like ofte skriv vi for tillitsvalde i tusenvis av små lag og foreiningar i den store frivillige sektoren. Av den grunn har vi sett oss ambisiøse mål.
Mykje av årsaka til at vi starta eit språkprosjekt i 2011 var at vi såg ein del tungt språk hos oss. Det var mykje kansellispråk, lange setningar, lange avsnitt og lesaren måtte ofte leite etter konklusjonen eller poenga. Vi tok grep og laga m.a. ein språkprofil for tilsette i Lotteri- og stiftelsestilsynet. Denne profilen blir brukt aktivt i arbeidet med å skrive så enkelt og korrekt at vi når målet vårt. Vi må alltid tenkje på kva som er poenget med tekstane vi skriv og kven vi skriv for. Digitaliseringa av offentleg sektor gjer dette endå meir aktuelt. Brukane vil aldri lukkast i å gjere oppgåvene effektivt på nett om dei ikkje forstår kva dei skal gjere og korleis.
Spåksatsinga lever godt i organisasjonen
Det vi skriv skal dessutan vere tufta på verdiane våre, som seier at vi skal vere hjelpsame, truverdige og samhandlande. Vi må heller ikkje gløyme at klart språk i offentleg forvaltning styrkjer både demokratiet og rettstryggleiken for den einskilde borgar.
I tillegg til å lage språkprofil, gjekk vi gjennom og reviderte nettsida og over 100 standardbrev. Det er blitt eit varig løft som kjem alle brukarane våre til gode.
Språkprosjektet er avslutta som prosjekt, men satsinga lever godt vidare i organisasjonen. Vi reviderer jamleg språkprofilen og brukar den aktivt i all diskusjon om språk. Vi har årleg språkdag for alle tilsette med kunnskap og motivasjon og vi evaluerer oss sjølve. For utfordringa no er å halde nivået og halde trykket oppe i organisasjonen, særleg der vi brukar språket meir fritt. Det gjeld t.d. rapportar, undersøkingar og tilsynssaker.
Først og fremst er språk blitt ein viktig del av det daglege arbeidet og alle har fått eit mandat til å bry seg. Vi har sett ein standard og den skal vi følgje.
Vi lar det det rett og slett gå sport i å skrive klart og tydeleg. Klarspråksprisen 2015 er eit prov på at vi har gjort noko rett og eg håpar brukarane våre merkar det i alle møte med oss.