Norsk Tippings reklame for pengespel er i dag på eit hensiktsmessig nivå sett i lys av samfunnsoppdraget og konkurransen frå andre aktørar. Det er resultatet av Lotteritilsynets siste revisjon av marknadsføringa til Norsk Tipping. Resultata i tilsynsrapporten har også avdekka eitt avvik og fem forbetringsområde.

Norsk Tippings reklame for pengespel er i dag på eit hensiktsmessig nivå sett i lys av samfunnsoppdraget og konkurransen frå andre aktørar. Det er resultatet av Lotteritilsynets siste revisjon av marknadsføringa til Norsk Tipping. Resultata i tilsynsrapporten har også avdekka eitt avvik og fem forbetringsområde.

Avviket er knytt til reklame for kasinospel og gjeld brot på retningslinene for marknadsføring. Innhaldet i reklamen må ikkje oppfordre til uheldig spel eller gje inntrykk av at deltaking i spel aukar spelarens sosiale aksept. Lotteritilsynet meiner og at Norsk Tipping bør bli betre på å framstille vinnarsjansane på ein meir realistisk måte og at premiar i gratis-konkurransar blir mindre.

Kva betyr det så at Norsk Tippings reklame i dag er på eit hensiktsmessig nivå? Bakgrunnen er at Stortinget har bestemt at det ikkje skal være konkurranse om dei farlegaste pengespela i den norske lotteri- og pengespelmarknaden. Difor har Norsk Tipping og Norsk Rikstoto fått einerett til å tilby desse spela i Noreg.

Å tilby pengespel i Noreg utan norsk løyve er ulovleg. Det er ei utfordring at heile seks av ti nordmenn ikkje veit dette, men det er likevel ikkje så rart så lenge ulovlege pengespelaktørar opptrer som om det er heilt greitt å bombardere norske forbrukarar med ulovleg marknadsføring av pengespel. Det er eit viktig poeng for Lotteritilsynet å få fram kva som er lovleg, og kvifor det norske regelverket er så strengt. Berre slik kan vi auke nordmenns bevisstheit om dei negative sidene med pengespel.

Det er ein reell risiko for at totalmarknaden for pengespel veks dersom marknadsføringa held fram slik som i dag. Det totale reklameomfanget er langt større i ein marknad med konkurranse om dei farlege spela og difor må vi ha effektive tiltak for å redusere marknadsføringstrykket på norske forbrukarar.

Norske styresmakter har sett i verk ei rekke intensiverte tiltak for å halde ulovlege pengespelaktørar ute frå den norske marknaden, og fleire er på trappene. Vi tenkjer då spesielt på handheving av betalingsformidlingsforbodet, informasjonskampanjar og endra regelverk for TV-reklame, men og på innføring av DNS-varsling som Stortinget har bestilt.

I tillegg til styresmaktenes arbeid med dette, forventar Lotteritilsynet at Norsk Tipping og Norsk Rikstoto er ansvarlege i si marknadsføring. Norsk Tipping og Norsk Rikstoto skal ikkje marknadsføre meir enn det som er naudsynt. Einerettsaktørane har så langt valt ein strategi der merkevarebygging og marknadsføring av lotteri- og sportsspela har stått sentralt for å unngå at dei ulovlege aktørane tar marknadsandelar. Dette har dei lov til i samsvar med EU-/EØS-retten.

Når styresmaktene lukkast i å redusere den ulovlege marknadsføringa, må også dei norske einerettsaktørane redusere si marknadsføring. Dei har viktige roller i arbeidet med å sikre at pengespelaktiviteten i Noreg er trygg og forsvarleg, og må ha ei heilskapleg forståing for kva som er rett nivå og innhald i marknadsføringa. Vi skal hindre at folk brukar og tapar for mykje av pengane sine til pengespel. Det har i verste fall store konsekvensar for spelaren og deira familiar. Det er omsynet til sårbare grupper og speleavhengige som er fundamentet i den norske einerettsmodellen.

Les heile rapporten her.