Koronaviruset har vore ei uforutsigbar utfordring for frivilligheita og oss som skulle hjelpe dei. Vi oppsummerer to år med krisehandtering og koronaordningar.

Vi har lagt bak oss to år med pandemi, og vi er ferdige med å behandle nær 26 700 søknadar frå frivillige lag og organisasjonar om ulike tilskot knytt til covid- 19. Over 23 000 organisasjonar har fått over 3,7 milliardar kroner, og pengane har nådd frå Nordkapp til Lindesnes. Ein viktig del av samfunnsoppdraget vårt er å sikre ei sterk frivilligheit, og derfor har det vore heilt rett å prioritere forvaltninga av desse ordningane høgt. På same tid som det har vore utfordrande, har det også vore veldig givande.

På veg inn i krisa

Folkefesten i Holmenkollen må vike i kampen mot koronaviruset, skreiv Aftenposten 5. mars 2020. Då var det påvist 86 smittetilfelle av covid- 19 i Noreg. Tilskodarnekten i Holmenkollen var kanskje det første teiknet på kva som venta for store og små aktørar innanfor idretten og frivilligheita i Noreg.

Sju dagar seinare vart Noreg stengt ned.  

Pressekonferanse 12. mars 2020. (Skjermdump regjeringen.no)

I dag kjem den norske regjeringa med dei sterkaste og mest inngripande tiltaka vi har hatt i Norge i fredstid.

Dåverande statsminister Erna Solberg (H) 12. mars 2020.
(Foto: Skjermdump Regjeringen.no)

Krisehandtering

Frivillige lag og organisasjonar var av dei som mista viktige inntekter over natta.

18. mars la regjeringa fram den første krisepakken for frivilligheita. Pakken på 600 millionar skulle kompensere for at inntekter frå billettsal og deltakaravgifter fall bort, samt meirutgifter på grunn av avlyste og utsette arrangement. Då ordninga vart lagt fram var det med klåre føringar frå Stortinget om at pengane skulle betalast ut raskt.

For å sikre rask utbetaling måtte alle prosessar gå i ekspressfart. Kultur- og likestillingsdepartementet utarbeida regelverket parallelt med at vi utvikla eit nytt elektronisk søknadsskjema som skulle vere enkelt å fylle ut, og som både vi og Kulturrådet skulle bruke.

Nettside med rettleiing og søknadsskjema skulle vere på lufta klokka 08.00 dagen etter andre påskedag. Det vart ei påske der sol og ski vart bytta ut med teams og krisepakke for ei lita gruppe tilsette. Det bekymra oss at frivillige lag og organisasjonar berre hadde ei veke å søke på. Derfor gjekk vi ut i media med informasjon før påske og oppmoda folk om å førebu seg. Det såg ut til å gå bra. Over 2300 søkte om koronahjelp.

Tidlegare direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet, Gunn Merete Paulsen, hos NRK nokre timar etter at vi opna for søknadar i krisepakke 1.
(Foto: Skjermdump NRK)

Nokre få sakshandsamarar jobba målretta med søkarmassen for å finne rett balanse mellom rask utbetaling og forsvarleg kontroll. Tillit til sektoren, gjenbruk av registeropplysningar og erfaringsdata frå dei ordinære ordningane våre gav oss eit veldig godt grunnlag inn i dette arbeidet. Over 80 prosent av søknadsbeløpet kom frå organisasjonar som vi allereie hadde kvalitetssikra erfaringsdata frå, og det var avgjerande for å få ut pengane raskt.

Vi har aldri før vore med på at det tar under 3 månadar frå eit regelverk blir tenkt på til over 2300 søknader er ferdig handsama og over 270 millionar kroner utbetalt.

Spurten blei ein maraton

– 17. mai vil bli annleis enn tidlegare år. Vi må forvente at pandemien vil setje begrensingar på grunnlovsdagen, så dåverande kulturminister Abid Raja (V) på ein pressekonferanse 3. april 2020.

Og det gjorde den. Den tradisjonelle feiringa med tog og folkefest blei avlyst. Med dette gjekk også frivillige lag og organisasjonar, som allereie var i krise, glipp av viktige inntekter.

I slutten av mai auka Stortinget løyvingane til idrett og frivilligheit til 1,87 milliardar. Kompensasjonsordninga vart endra og forlenga, for å treffe ein mangfaldig sektor betre. Fleire typar arrangement, som loppemarknad, basar og 17. mai-feiring vart inkludert. I tillegg omfatta den fleire typar inntekter, slik at eksempelvis tapt kiosksal og parkering no kunne kompenserast. Dette gjorde at ordninga nådde ut til fleire. På same tid auka arbeidet vårt i omfang, og vi måtte i enda større grad bruke knappe ressursar optimalt.  

Vi bestemte oss for å kvitte oss med nødløysinga frå den første krisepakken og vidareutvikle det nye tilskotssystemet vårt. For i 2019 starta vi eit utviklingsprosjekt der målet var å fornye både søknadstenestene våre overfor brukarar i frivillig sektor og dei interne tekniske løysingane og arbeidsprosessane. Eit viktig mål frå starten av utviklingsprosjektet var å lage system som i størst mogleg grad var eigna til gjenbruk og vidareutvikling.

Dette skulle vise seg å bli nyttig raskare enn vi trudde, då vi allereie året etter fekk mange nye ordningar i fanget. Arbeidet med utviklingsprosjektet i 2019 bar frukter. Ved å omprioritere og bruke om att funksjonar vi allereie hadde utvikla fekk vi opp løysingar som gjorde at vi kunne forvalte koronaordningane raskt, effektivt og brukarvenleg.  

I 2021 la Riksrevisjonen fram undersøkinga si av ordningane i møte med koronautbrotet i 2020. Dei konkluderte med at ordningane var sette i gang raskt, at dei trefte målgruppene og at det var etablert kontrollmekanismar for å avdekke svindel og misbruk.

Noreg opplevde fleire rundar med oppturar når samfunnet opna, og nedturar med gjeninnføring av smitteverntiltak. Det var stadig behov for å forlenge, utvide og tilpasse ordningane. Koronaviruset sin uføreseielege natur gjorde at departementet måtte balansere mellom å lage ordningar som skulle stimulere til aktivitet og kompensere for avlysingar.  

Desse orda vart mest brukt då frivillige lag og organisasjonar som søkte på ordningane skulle skildre avlyste arrangement. 

Mange trudde kanskje at 2021 skulle bli året der koronaen slapp taket. Men året starta heller med nye smittetiltak og nye ordningar. Første del av tilskotsordningane for 2021 skilde seg frå dei andre ordningane for arrangement og aktivitet. Det var ein pott på 255 millionar kroner som raskt skulle utbetalast til organisasjonar som fekk momskompensasjon på varer og tenester i 2020. Vi utarbeidde eit nytt elektronisk eigenerklæringsskjema der sentralledd og enkeltståande søkarar enkelt kunne melde inn behov om støtte. Vi fordelte tilskotet slik at alle fekk prosentvis like mykje. 255 millionar kroner blei utbetalt til søkarane ei veke etter at søknadsfristen var ute. Sentralledda vidareformidla til sine underledd, og totalt fekk 20 603 organisasjonar tilskot. Vi fekk mange gode tilbakemeldingar frå sektoren om at dette blei gjennomført svært raskt og med lite byråkrati. 

Seinare i 2021 opna vi også for søknadar i tilskotsordninga for arrangement og aktivitetar og ordninga for publikumsarrangement av nasjonal verdi i idretten, to ordningar som skulle strekke seg eit godt stykke ut i 2022.  

Ut av krisa

Ein av dei mest verdfulle berebjelkane både for enkeltmenneske og samfunnet er frivilligheita

Kong Harald i sin nyttårstale i 2021.

Kong Harald avslutta nok eit år med pandemi og starta Frivillighetens år med å hylle sektoren. 2022 starta med smitteverntiltak, men skulle også bli året Noreg kunne opne opp igjen. 12. februar kunne statsminister Jonas Gahr Støre seie det vi alle venta på. Tida var inne, og nesten alle koronatiltaka blei fjerna.

Slutt på meteren og munnbind: – Avstand mellom oss er ikkje lenger nødvendig, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) under pressekonferansen 12. februar 2022. (Foto: Skjermdump regjeringen.no)

7. juni 2022 gjennomførte vi siste puljeutbetaling i den siste koronaordninga for frivilligheita. Etter to år med utbetalingar er det no på tide å få litt meir innsikt i kva desse midlane har gått til. Ved å følgje lenka under vil du få presentert ein del tal og statistikkar, samtidig som du sjølv kan utforske ved å klikke på kart og grafar. Nokre figurar har ein informasjonstekst du kan få fram ved å klikke på i’en i høgre hjørnet til figuren.  

Sjå oppsummeringa av to år med koronaordningar.

Det er for tidleg å seie kva konsekvensar to år med pandemi har hatt for den norske frivilligheita, og vi held framleis på med å analysere dette og kva påverknad tilskotsordningane har hatt. Vi kjem også til å gjere etterkontrollar i tida framover.  

Men det vi veit er at det rammar mange når frivillige lag og organisasjonar ikkje kan ha aktivitet og arrangement, som koronatida har illustrert. Vi har også sett at frivillige har bidratt i å få Noreg gjennom krisa.