Det er ein grunn til at utanlandske spelselskap ikkje har lov til å køyre på med reklame på norske fjernsynsskjermar. Det er for å beskytte dei som er speleavhengige, eller som står i fare for å bli det. Vi støttar difor forslaget om å stoppe dei.

Kulturdepartementet sitt forslag om å stoppe ulovleg pengespelreklame på norske fjernsynsskjermar er eit stort steg i riktig retning i arbeidet med å sikre eit ansvarlig tilbod av pengespel her i landet.

Omsynet til dei fleire tusen risiko- og problemspelarane må vege tyngst. Dei utanlandske spelselskapa tilbyr pengespel som inneber ein høgare risiko for å få speleproblem.  Der vi har kunnskap om kvar det blir spelt, er det i 7 av 10 samtalar til hjelpelinjen for spilleavhengige utelukkande nettspel tilbudt av ulovlege aktørar som er problemspelet. Speleproblem er alvorlig for dei som blir ramma, og det kan få store konsekvensar. Det er ein grunn til at den norske marknaden er regulert slik den er.

Pengespelreklamen frå dei utanlandske selskapa er med på å normalisere dei mest aggressive spelformene via nettet, og å oppretthalde og dermed legitimere eit ulovleg tilbod. Spelselskapa tener store pengar i ein marknad dei ikkje har lov til å vere i. Våre tal viser at rundt 250 000 nordmenn spelar aktivt hos dei utanlandske pengespelselskapa, og vi estimerer at nordmenn la igjen 2 milliardar kroner hos dei utanlandske spelselskapa etter gevinstutbetaling i fjor.

Medan norske mediehus følgjer dei norske reglane, så tek utanlandske spelselskap som ikkje har lov til å tilby pengespel i Noreg bakvegen, og sender pengespelreklame via kanalar sendt frå utlandet. Denne reklamen er ei stor og medverkande årsak til at 6 av 10 nordmenn ikkje veit eller er usikre på kven som har lov til å tilby pengespel i Noreg. For mange er det gjerne ulogisk at ein reklame som ikkje er lov dukkar så ofte opp på norske fjernsynsskjermar. Og 3 av 4 er lei av pengespelreklamar som møter dei på TV, i mailboksen eller på telefonen.

Dei utanlandske spelselskapa og TV-kanalane må ta ansvar for ikkje å sende ulovleg pengespelreklame i Noreg, på same måte som dei allereie gjer med reklame for alkohol og tobakk.

Når desse ikkje etterlever norsk lov, må distributørane ta ansvar for ikkje å formidle ulovleg pengespelreklame i sine kanalar. Sjølv om distributørane ikkje har redaksjonell bestemmelsesrett over innhaldet, har dei ulike typar kontraktsforhold med dei som har redaksjonelt ansvar, og dei kan stille krav om at det ikkje skal sendast ulovleg reklame.

Lotteritilsynet meiner lovforslaget frå Kulturdepartementet vil gje størst effekt om det går klart fram av lova at det er forbudt å formidle ulovleg pengespelreklame på TV.

Forbodet må gjelde all marknadsføring som profilerer dei utanlandske spelselskapas merkenamn. For sjølv om de utanlandske spelselskapa skulle endre innhaldet i TV- reklamane, så er speltilbodet det same, og dei vil framleis kunne marknadsføre enkeltspel, som har høg risiko for problemspeling, i andre kanaler.

Det er ikkje berre via TV-kanalane utanlandske spelselskap driv ulovleg marknadsføring. Dei brukar TV-reklame for å gjere seg kjende, og slik nå kundar dei kan tilby farlege spel. Men fleire brukar også nettsider, sosiale medium,  og dei sender tekstmeldingar og e-postar. Ein stopp i fjernsynsreklamen kan bety at spelselskapa trappar opp marknadsføringa i andre kanalar, og dette kjem vi framleis til å følgje tett.

Lotteritilsynet vil fortsette å gjere det vi kan for å stoppe den ulovlege pengespelreklamen på TV og i andre medium. Det er naudsynt for å beskytte norske spelarar, og det er vårt samfunnsoppdrag. Med dei rette verkemidla på plass, er det mogleg å få stansa den ulovlige pengespelreklamen, og der er vi no på god veg.

Fjernsynsreklamen du ser for utanlandske pengespillselskap er ulovleg. Då seier det seg sjølv at den må bort, og vi er for kraftigare verkty for å stoppe den.

(Kronikken vart først publisert i Medier24).