Vi får ein del spørsmål frå publikum om Postkodelotteriet har lov å marknadsføre sine spel.

Svaret er ja. Stiftelsen WWF Verdens Naturfond og SOS-Barnebyer fekk i 2017 løyve til å ha lotteri i ni år med årleg omsetning på inntil 300 millionar kroner. Entreprenør, dvs. den som gjennomfører lotteriet på vegne av organisasjonane, er Norsk Postkodelotteri AS. Gjennom løyvet har dei også lov å marknadsføre sine spel.

Utspekulert reklame

Mange av dei som spør meiner Postkodelotteriet driv aggressiv og utspekulert reklame via posten. Det blir også reagert på at det med liten skrift står at du må abonnere for å delta og at det kostar 200 kroner i månaden.

Regelverket i dag

Lotteri med løyve frå norske myndigheiter har lov å marknadsføre seg. Postkodelotteriets praksis er slik sett innafor regelverket. Vi har tilsyn med Postkodelotteriet si verksemd og vil i møte med entreprenøren gi tilbakemeldingar om tips vi har fått frå publikum.

Slik kan du reservere deg mot reklame

Adressert reklame kan du reservere deg mot i Brønnøysundregistrene. Reklame som ikkje er adressert, er litt vanskelegare å reservere seg mot. Det er i følgje Forbrukartilsynet, forbudt å levere ut uadressert reklame i postkassar merka med «nei takk til reklame». Likevel kan du motta reklame i postkassen via innstikk i  aviser og tidsskrifter distribuert av posten.

Så skal du unngå slik reklame, må det innførast totalforbod mot spelreklame i Norge, på same måte som det er forbod mot alkoholreklame.