Du møtte mannen i TV-programmet «Luksusfellen», der han fekk hjelp til å rydde opp i eit økonomisk uføre. Han hadde mista kontrollen over pengespeling på utanlandske nettsider.

På relativt kort tid hadde mannen tapt over ein million kroner – mykje av det lånt til skyhøg rente. Tapet kom opp i 219 000 kroner i månaden i gjennomsnitt. I løpet av to timar tapte han ein gong 90 000 kroner, det vil seie 50 kroner kvart fjerde sekund.

Mannen er i godt selskap, det veit vi både frå forsking, speleavhengige som søkjer behandling og frå folk som kontaktar Hjelpelinja for speleavhengige. Ofte er det kasinospel på nettet som skaper speleproblem. Desse spela har ein eigenskap som vi veit kan skape problem for sårbare grupper av spelarar: Spela er raske.

Satse gevinsten

På kasinospel går det kort tid frå du satsar til du veit om du vann. Og vann du, så kan du raskt satse pengane på nytt. Så veit vi at mange også blir freista til å satse meir for å vinne igjen det tapte. Om du då spelar for lånte pengar eller på kreditt, så er det store sjansar for at du øydelegg økonomien din om du misser styringa.

Den svenske avisa Aftonbladet har den siste tida sett søkjelyset på utanlandske nettspel, og skreiv om eit anna døme på kor raskt du kan tape pengar i denne marknaden. Ein av journalistane vann først 30 000 kroner, men satsa så vidare med 800 kroner pr. spinn. Etter 18 minuttar hadde han tapt alt.

Vi har ei dyrekjøpt erfaring om raske tap av store summar i norske pengespel. På dei gamle gevinstautomatane, som stod plassert på tusenvis av stader fram til 2007, var det mange som tapte mykje pengar på kort tid. Resultatet vart tallause menneskelege tragediar. Då automatane skulle erstattast med nye terminalspel, var det viktig at vi ikkje skapte nye spel som skapte nye speleavhengige.

Fleire typar grenser

Det vart løyst ved å innføre grenser for kor mykje det er mogleg å tape på pengespel med eigenskapar som vi veit fører til at sårbare grupper lett kan utvikle speleproblem. Ja, i dag er det teke i bruk fleire typar grenser, særleg gjeld det for spela som Norsk Tipping tilbyr. På nokre spel er det i gitte tidsrom sett grenser for kor mykje du kan spele for – på andre kor mykje du kan tape.

I dag kan du difor maksimalt tape 10 000 kroner i månaden når du spelar på Instaspill som er Norsk Tipping sine nye interaktive nettspel. På ein dag kan du maksimalt tape 4000, og på ei veke 7000 kroner. For spel på Liveoddsen og på terminalspela Multix og Belago finst det eigne grenser.

Poenget med slike grenser er å «kjøle ned» aktiviteten til dei som spelar mest. Dermed reduserer vi også tapa dei får. I Norge veit vi ganske mykje om kor stor gruppe spelarar det her er snakk om. Ei befolkningsundersøking frå 2013 viste at risikospelarar og problemspelarar utgjer tre prosent av befolkninga. Men sidan det berre er 60 prosent av oss som satsar pengar på pengespel, så utgjer i realiteten risiko- og problemspelarane fem til seks prosent av spelarane.

Om ikkje så lenge får vi forresten resultatet frå ei tilsvarande undersøking som vart gjennomførd i fjor haust.

Omfanget aukar ikkje

I den regulerte norske pengespelmarknaden er vi altså komne eit godt stykke i arbeidet med å ansvarleggjere pengespel. Resultatet kan styresmaktene vere nøgde med. Talet på problemspelarar har ikkje auka i åra etter at automatmarknaden forsvann.

Det er eit faktum at fleirtalet av nordmenn som for tida utviklar speleproblem, gjer det ved å spele på utanlandske nettspel. I desse pengespela er det ingen obligatoriske grenser for kor mykje du kan  satse og tape, og mannen i «Luksusfellen» er eit godt døme på kor galt det kan gå om du misser kontrollen.