Det ligg i stiftelsar sin natur at dei skal tenke langsiktig. Derfor kan dei vere pionerar på klimafeltet. Og vi ser at det dukkar opp stadig fleire stiftelsar som jobbar med klima.

FNs klimapanel la nettopp fram ein rapport som viser at klimaendringane er menneskeskapte, og at vi merkar nokre av konsekvensane allereie. Ekstremver blir kraftigare og skjer hyppigare. Forskarane ser på nokre av klimaendringane som irreversible dei neste århundra. Det hastar å ta grep på same tid som at vi må tenke langsiktig. Her kan norske stiftelsar spele ei viktig rolle.

Ei solid organisasjonsform

Ein stiftelse er ei stabil organisasjonsform som skal vare over lang tid. Det er formålet og vedtektene som bestemmer korleis stiftelsen skal operere. Dette gir både den som oppretta stiftelsen og stiftelsen sine samarbeidspartnarar ei form for tryggleik om at pengane går til formålet. Stiftelsar har heller ikkje eigarar som vil ta ut profitt, og alt overskot går derfor tilbake til stiftelsen og formålet.

Her i Noreg er det fleire stiftelsar som jobbar innanfor klima og miljø, og vi ser at det blir fleire av dei. Ein av dei kjende er WWF Verdens naturfond, som mellom anna jobbar med biomangfald og naturvern. I 2020 gjekk TV- aksjonen til WWF og arbeidet dei gjer for å stanse forsøplinga av havet. Fleire millionar tonn plast hamnar i havet kvart år. WWF har starta initiativet Plastsmarte byar, som nesten 30 byar har slutta seg til. Dei har også bidratt til ein internasjonal allianse, som over 40 land, inkludert Noreg, er med i.

Unik evne til å trekke til seg samarbeidspartnarar

Stiftelsar har ei unik evne til å trekke til seg andre, både private og offentlege aktørar, samt sivilsamfunnet. Eit døme er Stiftelsen Statsraad Lehmkuhl. I samband med jordomseglinga One Ocean Expedition har dei samarbeidsaktørar fra det offentlege, private og sivilsamfunnet, både nasjonalt og internasjonalt.

Stiftelsar har ei unik evne til å trekke til seg andre, både private og offentlege aktørar, samt sivilsamfunnet.

One Ocean Expedition er ein del av FNs tiår om havforsking, skal mellom anna bygge og dele kunnskap om berekraftig hav. Stiftelsen Statsraad Lehmkuhl kan i kraft av å vere ein stiftelse tilby ein nøytral plattform der dei ulike aktørane kan møtast og samarbeide på tvers.

Treff mange menneske

Stiftelsar har eit breitt omfang og treff mange menneske. Stiftelsestilsynet si temaundersøking om stiftelsars samfunnsbidrag viste at stiftelsane engasjerer årleg rundt 100 000 frivillege som jobbar til saman rundt 4 millionar dugnadstimer årleg. I tillegg deler stiftelsane ut rundt 6 milliardar norske kroner årleg, gjennomfører arrangement, driv ulike aktivitetar og tenester og har 41 000 tilsette. Dei kan inspirere og engasjere menneske til å ta val som ivaretek kloden og klimaet.

Ei nasjonal og internasjonal utvikling

Også i Europa ser vi at fleire stiftelsar jobbar med miljø og klima. European Foundation Centre (EFC) har gjort undersøkingar på stiftelsars bidrag til klimafeltet. Kartlegginga viser at europeiske siftelsars innsats innanfor klima og miljø har meir enn firedobla seg frå rundt 2008 til 2018. I 2008 fann dei 27 stiftelsar som til saman delte ut 181,5 millionar euro, og i 2018 fann dei 127 stiftelsar som samla delte ut 745,6 millionar euro. Desse tala er truleg høgare, då EFCs undersøking ikkje får med alle stiftelsar som jobbar innanfor feltet.

I Noreg ser vi også at fleire stiftelsar, som i utgangspunktet ikkje er miljøstiftelsar, tar klima- og miljøomsyn. Kavlifondet bestemte til dømes i 2020 at FNs bærekraftsmål om ansvarleg forbruk og produksjon skulle vere ein av hovudprioriteringane deira. Sparebankstiftelsen DNB tok også ganske nyleg inn bærekraftig forbruk som eit nytt satsingsområde. Dette er ei positiv utvikling, og saman med stiftelsane vil politikarar og beslutningstakarar rundt om i verda vere betre rusta til å handtere klimakrisa.

Kor aktivt stiftelsar kan bidra til grøn omstilling var diskutert på Arendalsuka. Sjå arrangementet her.