Etter at Sverige fekk lisensmodell i januar 2019 har mange fleire svenskar stengt seg ute frå alt pengespel. I Noreg blir dei aller fleste spelarane stoppa av andre ansvarlegheitstiltak før dei får problem.

I Sverige blei det i 2019 innført ein ny pengespelmodell der utanlandske online pengespelselskap kunne få lisens til å tilby sine spel. Dette er ein heilt annan modell enn vi har i Noreg. Her er det berre Norsk Rikstoto og Norsk Tipping som har løyve til å tilby tilsvarande spel.

Felles for dei som stenger seg ute frå spel er at dei har spelt for mykje, eller er redde for å spele for mykje. I følgje tal frå den svenske nettstaden spelpaus.se har talet på spelarar som har utestengt seg auka kraftig etter at om lag 70 utanlandske pengespelselskap kom inn i marknaden. På vel eitt år er talet på utestengde i Sverige nær dobla. I dag har meir enn 38 000 svenskar valt å stenge seg ute frå alle pengespel.

Vi meiner at den kraftige auken i utestengingar tyder på at det er utfordrande å få så mange aktørar til å følgje reglane i ein lisensmodell. I Sverige har alle dei konkurrerande pengespelselskap ei lovfesta plikt til å hindre pengespelproblem i befolkninga. Det svenske lotteritilsynet har laga ein rapport som viser at ingen av dei 70 spelselskapa klarer å gje svenske spelarar den beskyttelsen lova krev. Våre svenske kollegaer har ei stor og krevjande kontrolloppgåve føre seg.

I Norge lukkast vi i å stoppe mange spelarar før dei får så store problem at dei vel å stenge seg ute. For dei aller fleste er pengespel rein underhaldning der spelarane er godt beskytta av reglar for kor mykje dei kan tape. Dei særnorske grensene er rigga slik at alle blir beskytta alt etter kor farleg pengespelet er.

Når spelaren når ei grense, blir han stoppa frå å spele vidare. Desse tiltaka er målretta og treff der dei skal. Dersom spelarar er i faresona eller får problem, skal dei to norske pengespelselskapa følgje opp desse spelarane særskilt. Difor er det ikkje meir enn vel 5000 norske spelarar som har valt å stenge seg ute frå dei registrerte spela hos Norsk Tipping og Norsk Rikstoto.

Tal frå Hjelpelinjen dei siste åra viser at om lag 2 av 3 med pengespelproblem opplyser at dei har spelt hos ulovlege utanlandske pengespelselskap. Skal vi hindre at fleire får pengespelproblem vil det vere aller mest effektivt om dei ulovlege pengespelselskapa slutta å tilby spel til nordmenn.