Styretesten er ein «syretest» på kva du som styremedlem i ein stiftelse må sjekke er på plass. Den er enkel, ufarleg og nyttig.
Stiftelsestilsynet ønskjer å forenkle kvardagen for stiftelsar. Gjennom vårt tilsynsarbeid ser vi kva som minimum må vere på plass i styret for å lukkast.
Vi opplever ofte at det kan vere utfordrande for mange styremedlemmer, særleg i små stiftelsar, å manøvrere og å gjere ting rett. Vi såg det også i dei sakene vi jobba med i fjor, der om lag halvparten av styra i dei 89 stiftelsane vi kontrollerte fekk kritikk for forvaltninga av stiftelsen. Vi ønskjer å hjelpe dei som ønskjer å gjere det rett. Vi tilbyr difor no denne sjølvtesten, styretesten.
Lotter- og stiftelsestilsynet har gode erfaringar med å lage sjølvtestar, t.d. pyramidetesten. Vi ser at dette er ein type teneste som er etterspurt og som er eit bidrag til digitalisering av offentleg sektor. Målet vårt er å gjere stiftelsane gode og gje dei enkle, gode verktøy for å lukkast.
Vi ser at mange ønskjer å gjere det rett, men at dei treng hjelp. Den hjelpa får dei no digitalt på eit grunnleggande nivå. Her kan du svare på enkle spørsmål, få tilbakemelding og hjelp, heilt anonymt.
Vi håpar og trur at dette totalt sett vil bidra til at fleire stiftelsar etterlever regelverket og gjer eit godt styrearbeid. Så kan vi halde fram med å spisse ressursane inn mot dei sakene som har høgast risiko og størst alvorsgrad.
Vårt samfunnsoppdrag er å sikre at norske stiftelsar driv lovleg, men også bidra til at stiftelsar kan vere ein attraktiv måte å utvikle samfunnet på. Vi håpar og trur at styretesten vil hjelpe både oss og stiftelsane i å lukkast.
God styretest!