Norske redaktørar må vere på vakt og ikkje la seg bruke av utanlandske spelselskap. Å sleppe til på redaksjonelle flater er blitt ein viktig strategi for å snike seg forbi reklameforbodet.

Denne kronikken stod først på trykk i Dagens Næringsliv tysdag 15. september.

Det viser dei siste dagars oppslag i Dagens Næringsliv, som gir god oversikt over korleis utanlandske spelselskap stadig finn nye og kreative måtar å unngå reklameforbod på.

Ser du Champions League-fotball på Viasat 4, får du gjerne Morten Langli som ekspertkommentator i studio. I pausen kan du sjå marknadsføring av Unibet sine pengespel – presentert av Morten Langli. Slår du på VGTV, så møter du ex-fotballprofil Bernt Hulsker som ekspert. Han er fersk «ambassadør» for spelselskapet NordicBet.

Er desse dobbelrollene tilfeldige? Neppe.

Uansett så illustrerer desse to eksempla to av dei største problema styresmaktene har når vi skal hindre marknadsføring av pengespel som er ulovlege i Norge. TV-kanalar som sender frå utlandet pøser ut reklame for pengespel som det verken er lov å tilby eller marknadsføre her i landet. Samstundes vandrar norske kjendisar rundt som levande reklameplakatar for dei same pengespela – vel vitande at dei tener pengar på å marknadsføre ulovlege spel.

Gjennom mange TV-kanalane som sender frå utlandet har utanlandske pengespelselskap funne ein motorveg inn i den norske pengespelmarkanden der dei i dag ikkje er velkomne. Spelselskapa og TV-kanalane kjenner sjølvsagt det norske lovverket, men dei fleste bryr seg ikkje, og alle skjønar kvifor. Spelselskapa sit nemleg igjen med langt over ein milliard kroner netto i året på nordmenn som spelar på nettet – TV-kanalane får reklameinntekter som nærmar seg ein halv milliard i året.

Desse tala representerer eit stort paradoks for oss som skal stoppe ulovleg marknadsføring av pengespel. Der vi har lover og reglar vi kan bruke, stoppar Lotteritilsynet det meste. Du ser så å seie aldri ulovleg reklame i aviser, vekeblad eller på stadion lenger.

Det siste året har Lotteritilsynet også lykkast med å tette ulovleg marknadsføring i sosiale kanalar, til dømes på Facebook og YouTube. Samstundes er pressemeldingstenester kjende strategiar for å sikre seg redaksjonell omtale som i praksis ofte er rein tekstreklame. Som Dagens Næringsliv har fortalt i det siste, så leitar dessutan spelselskapa, assistert av norske PR-byrå, etter stadig nye smutthol for å omgå forbodet mot å marknadsføre spela sine i Norge. Ein del av strategien er også å arrangere events for nordmenn i utlandet.

Den massive marknadsføringa av utanlandske pengespel får sjølvsagt konsekvensar. I 2014 gjennomførte Lotteritilsynet ei undersøking som viste at 42 prosent av alle dei spurde trur utanlandske pengespelselskap har lov å tilby nettspel til nordmenn. Ingen kan eigentleg klandre folk for å tru dette. I fjor handla nemleg over 90 prosent av alle reklameinnslag i TV om pengespel som det ikkje er lov å tilby her i landet. Til samanlikning stod Norsk Tipping og Norsk Rikstoto for om lag 9 prosent.

Så lenge vegen er open inn i den norske pengespelmarknaden frå utlandet gjennom ei rekkje TV-kanalar, slåst Lotteritilsynet på sentrale område mot vindmøller. Men no er det håp om at det kan skje noko. Medietilsynet og Lotteritilsynet er i gang med å finne ut om det er mogleg å bruke AMT-direktivet til å hindre marknadsføring av ulovlege pengespel frå utlandet. Eg håpar verkeleg vi lykkast. Vi kan ikkje i det lange løp leve med at fotballinteresserte norske born skal bli bombardert med reklame for pengespel mens dei ser på favorittlaget sitt. Vi snakkar trass alt om ein aktivitet som samfunnet har sett 18-års aldersgrense på.

Dei utanlandske spelselskapa bryr seg lite om kva lotteristyresmaktene meiner. For knapt eit år sidan sende Lotteritilsynet eit brev til alle utanlandske selskap som tilbyr pengespel til nordmenn på nettet. I brevet oppmoda vi dei om å respektere lovverket som regulerer den ansvarlege norske pengespelmarknaden. Vi bad også selskapa stadfeste at dei hadde motteke brevet. Berre eitt selskap tok seg bryet med å svare oss.

Vi sende også brevet til «ambassadørane» som var aktive i fjor. Dei fleste har ikkje svart på dette.

Vel, eg håpar i alle fall at John Arne Riise, Tone Damli, Thomas Myhre, Vibeke Skofterud, John Carew, Bernt Hulsker og alle dei andre levande reklameplakatane verkeleg veit kva dei gjer. Det same gjeld TV3, Max, Viasat 4, Vox, FEM og Discovery Channel  Dei frontar ulovlege pengespel, javisst, men dei frontar også pengespel som dei bør vite påfører sårbare grupper speleproblem. Utviklar du speleproblem, så får det ofte svært alvorleg konsekvensar – både for den einskilde spelaren og heile familien. Bryr «ambassadørane» og TV-selskapa seg om slikt?