Lurer du på kva som er eit lotteri og kva som er ein konkurranse? Og kva er eit pengespel?

Dersom konkurransen er eit pengespel må du ha tillatelse før konkurransen blir arrangert jf. pengespellova § 4. Det er også forbudt å marknadsføre eller medvirke til å marknadsføre pengespel som ikkje er tillatt jf. pengespellova § 6.

Les kva pengespel som er tillatt i Norge.

Den norske pengespelmarknaden blir regulert av pengespellova. Lova sitt fremste mål er å forebygge speleproblem og andre negative konsekvensar av pengespel. Lova skal også sikre at pengespel blir gjennomført på ein ansvarleg og trygg måte, og at overskot frå pengespel går til ikkje-fortenestebaserte formål, jf. pengespellova § 1.

Tre vilkår må vere oppfylt for at det er eit pengespel

Tre vilkår må vere på plass jf. pengespellova § 2 for å bli rekna som eit pengespel;

  • Innsats
  • Premie
  • Tilfeldig utfall

Deltakarane kan, mot innsats, vinne ein premie av økonomisk verdi, og resultatet er heilt eller delvis tilfeldig. Kva som ligg i omgrepa er definert gjennom forarbeid og praksis. Under følgjer ein kortversjon.

Innsats

«Innsats» betyr at du må betale for å delta i konkurransen. All betaling utover vanleg pris for tenesta er å rekne som «innsats». For tradisjonelt førerhands- og etterhandstrukne lotteri, bingo og gevinstautomatar, er prisen per lodd eller speleomgang å rekne som innsats etter lotterilova.

Enkelte speltilbod er utforma slik at deltaking føreset medlemskap og betalt medlemskontingent. Medlemskontingent er i slike tilfelle å rekne som innsats dersom det er abonnement på eit speltibod. Dersom medlemskapet i utgangspunktet ikkje har noko med spel å gjere, vil det ikkje blir rekna som innsats.

Dersom betaling for deltaking i konkurransen er vanleg pris for den tenesta som blir nytta, eller deltakinga er heilt gratis, er det ikkje ein innsats. Då er det eit gratislotteri.

Premie

Med «premie» er det meint pengar, gjenstandar eller anna som har økonomisk verdi. Ifølge pengespellova vil alt av verdi kunne bli rekna som premie.

Tilfeldig utfall

Konkurransen skal også ha heilt eller delvis tilfeldig utfall. Dersom utfallet av konkurransen er utanfor den enkeltes kontroll, vil konkurransen ha eit heilt eller delvis tilfeldig utfall. Eksempel på dette er der vinnaren blir kåra ved trekning eller gjetting. Lova vil også omfatte andre framgangsmåtar som gir eit heilt eller delvis tilfeldig utfall for kåring av vinnar.

Kunnskapskonkurransar

Konkurransar med spørsmål og svaralternativ vil alltid innehalde eit element av tilfeldig utfall ved at deltakarane kan oppnå rett svar ved å gjette. Dette gjeld sjølv om sjansane for å vinne, ved gjetting, kan vere svært små.

Kunnskapskonkurransar utan svaralternativ blir rekna som reine kunnskapskonkurransar, og fell difor utanfor pengespelomgrepet dersom følgande føresetnader er tilstades:

  • Spørsmåla må vere utforma som reelle kunnskapsspørsmål der det riktige svaret kan bli funne ved å konfrontere kjelder i etterkant.
  • Deltakarane må svare på dei same spørsmåla i same rekkefølge.
  • Deltakarane må få same tid til å svare på spørsmåla.
  • Det må ikkje bli gitt svaralternativ til spørsmåla.

Kunnskapskonkurransar kan vere kombinert med prøving av deltakaranes reaksjonsevne, slik at den eller dei som svarar rett på eitt eller fleire spørsmål på kortast tid, blir vinnar av konkurransen.

Ferdigheitskonkurransar

Ferdigheitsspel kan vere utforma på mange ulike måtar. Det kan eksempelvis være underhaldningsprega spel med krav til reaksjonsevne eller presisjon i utføring.

Generelt må konkurransen må yte lik motstand til alle deltakarane. Vilkåra for deltaking i konkurransen, og dermed moglegheita til å vinne, må være den same for alle deltakarane. Dersom vilkåra ikkje er tilstades, vil utfallet av konkurransen heilt eller delvis skuldast forhold utanfor den enkelte deltakars kontroll, og dermed være heilt eller delvis tilfeldig.

Konkurransar der utfallet heng saman med deltakars kreativitet

I enkelte konkurransar blir vinnaren kåra på bakgrunn av det beste bidraget i ein kreativ konkurranse. Konkurransen kan for eksempel gå ut på å sende inn det beste slagordet, bildet eller essayet. Ein slik konkurranse føreset kreativitet frå deltakarane. Utfallet av konkurransen er difor ikkje heilt eller delvis tilfeldig dersom følgande føresetnader er oppfylt:

  • Deltakaranes individuelle prestasjonar blir bedømt på bakgrunn av klare førehandsbestemte vilkår.
  • Dei individuelle prestasjonane fordrar ein viss kreativ innsats frå deltakaren for å vinne.
  • En kvalifisert jury må kåre vinnaren etter ei reell vurdering av innsatsen eller bidraga.

Dersom konkurransen handlar om kreativiteten til deltakaren, men vilkåra over ikkje er oppfylt, vil konkurransen ha eit delvis tilfeldig utfall.

Grunngjevinga for å sette opp vilkår til kreative prestasjonskonkurransar er å hindre forsøk på å omgå pengespellova. Konkurransar der dei nemnte vilkåra ikkje er oppfylt, vil bli oppfatta som svært sjanseprega og utan særleg krav til kreativ innsats. Eksempel på konkurranse som neppe oppfyller vilkåra til kreativ minsteinnsats, vil vere ein konkurranse om å sende inn beste vits.

Sanksjonar ved brot på pengespellova

Ved brot på forbodet mot å tilby eller medverke til å tilby pengespel utan løyve i pengespellova § 4, kan Lotteritilsynet gi pålegg til dei ansvarlege om å stanse eller rette opp i det ulovlege, jf. pengespellova § 32. I tillegg kan tilsynet med heimel i pengespellova §§ 33 og 36, gi tvangsmulkt og overtredelsesgebyr.

Brot på pengespellova § 4 kan medføre straffeansvar, jf. pengespellova § 37. Strafferamma er bøter eller fengsel i inntil eitt år. Grove lovbrot blir straffa med bøter eller fengsel på inntil tre år. Medverknad kan også medføre straffeansvar.