I dag blir det betalt ut nær 29 millionar kroner til dei som har søkt om støtte frå krisepakke 2 for frivillige lag og organisasjonar. 

Krisepakke 2 skal kompensere frivillige lag og organisasjonar som har betydeleg inntektsbortfall frå arrangement og annan aktivitet, som følgje av pålegg eller råd gitt av offentlege styresmakter i samband med covid-19.

I femte utbetaling blir det betalt ut 28 834 713 kroner. Det er 115 søknader for 438 arrangement som får utbetalt i denne runden.

Last ned oversikt over kven som har fått utbetalt i dag.

Samla er det betalt ut over ein milliard kroner for nær 25 500 arrangement i krisepakke 2.

Søknadsfristen var 15. september 2020. Denne krisepakken gjaldt frå 12. mars til 31. august 2020.