I dag kjem den andre pulje med utbetalingar frå krisepakken for korona-avlyste, stengde eller utsette arrangement

Arrangørar i frivillig-, kultur- og idrettssektoren som har avlyst, stengt eller utsett arrangement som følge av råd eller pålegg frå styresmaktene i samband med koronaviruset, kunne søke om kompensasjon.

Ramma for ordninga er på 700 millionar kroner, og ordninga gjeld arrangement i perioden 5. mars til og med 30. april.

2254 søkarar søkte om 372 millionar kroner. 1519 søkarar fekk utbetalt over 118 millionar kroner i første pulje, 8. mai.