Vi er godt fornøgd med at regjeringa no foreslår ei lovendring som kan stanse pengespelreklame frå utlandet. Saman med DNS-varsling, så vil dette få god effekt og bidra til å beskytte sårbare spelarar i Norge. Det seier direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet, Gunn Merete Paulsen.

Spelreklamen som blir retta mot norske kundar er i dag intensiv og dette har vore eit problem lenge. Paulsen viser til ein rapport frå 2014 der ei ekspertgruppe leia av Lotteritilsynet foreslo tiltak for å stanse denne ukontrollerte straumen av reklame rett inn i TV-stovene til norske borgarar. Også Stortingsmeldinga «Alt å vinne – ein ansvarleg og aktiv pengespelpolitikk» ga same anbefaling, noko Stortinget slutta seg til i 2017. At regjeringa i dag har sendt eit forslag til endring av kringkastingslova på høyring, der dette er tatt omsyn til, er positivt.

-Lotteritilsynets samfunnsoppdrag gitt av Stortinget er å beskytte sårbare spelarar gjennom å sikre at lotteri og pengespel blir tilbydd i trygge og ansvarlege former. Dette har vore vanskeleg, all den tid det har vore eit EU-direktiv som har blitt brukt til å sende spelreklame som etter norsk lov er forbode via andre land. Lovendringa vil bidra til å stanse dette. Når departementet no også ber oss greie ut DNS-varsling, så vil det ytterlegare bidra til å betre beskytte norske borgarar og særleg sårbare grupper. Vi veit at 6 av 10 nordmenn er usikre på kva som er lov og ikkje av pengespel, og dette vil gjere det tydeleg. Med dette vil spelarar kunne ta informerte val.

– Det er eit faktum at det er for enkelt å spele på spel som ikkje er lov å tilby i Norge. Det hadde vore mogleg å blokkere, men DNS-varsling er også eit godt verkemiddel. Det betyr at spelarar som går til nettsider med ulovlege spel blir informert om at tilbodet er ulovleg. Dette vil avgrense speling hos uregulerte aktørar, då vi veit at mange slit med å vite kva pengespel som er lov og ikkje. Varslinga vil bidra positivt til at færre spelar på utanlandske pengespel utenfor vår kontroll, seier direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet, Gunn Merete Paulsen.

Forslaget til lovendring har høyringsfrist 17. juni 2019.

Her kan du lese heile høyringsforslaget og pressemeldinga til Kulturdepartementet.