I dag blir det betalt ut nær 600 millionar kroner til dei som har søkt om støtte frå krisepakken for frivillige lag og organisasjonar. 

Krisepakke 2 skal kompensere frivillige lag og organisasjonar som har betydeleg inntektsbortfall frå arrangement og annan aktivitet, som følgje av pålegg eller råd gitt av offentlege styresmakter i samband med covid-19.

I fjerde utbetaling blir det betalt ut 592 294 134 kroner. Det er 3307 søknader for 13 431 arrangement som får utbetalt i denne runden.

Last ned oversikt over kven som har fått utbetalt i dag.

Samla er det no betalt ut over ein milliard kroner for over 25 000 arrangement i krisepakke 2.

Søknadsfristen var 15. september 2020. Denne krisepakken gjeld frå 12. mars til 31. august 2020.

Regjeringa har foreslått ei løyving på ein milliard kroner til ei tredje ordning som skal gjelde frå 1. september til og med 31. desember 2020.