Tilsaman 730 millionar kroner av overskotet i Norsk Tipping for 2016 gjekk til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar. Heile summen er no fordelt av Lotteritilsynet.

Store summar

Summen som skulle fordelast frå overskotet til Norsk Tipping gjennom tippenøkkelen var i 2016 på vel 4,33 milliardar kroner. Av dette gjekk 6,4 prosent til helseformål gjennom Extrastiftelsen sine prosjekt. Dei resterande midlane vert fordelt med 64 prosent til idrettsformål, medan 18 prosent går til kulturføremål og like mykje til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar.

I søknadsåret 2017 var tilskotet til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar på 730 millionar kroner, som er fordelt slik:

Fleire får i år

Oversikten for 2017 viser at summen på 164,9 millionar kroner går til 44 organisasjonar som ikkje hadde automatinntekter i 2001. Pengane blir utbetalt 12. desember. Til samanlikning fekk 37 organisasjonar totalt 116,4 millionar kroner frå denne potten i fjor.

Sjå også pressemelding frå Kulturdepartementet.