I dag blir det betalt ut nær 304 millionar kroner til dei som har søkt om støtte frå krisepakken for frivillige lag og organisasjonar.

Krisepakke 2 skal kompensere frivillige lag og organisasjonar som har betydeleg inntektsbortfall frå arrangement og anna aktivitet, som følgje av pålegg eller råd gitt av offentlege styresmakter i samband med Covid-19.

I tredje utbetaling blir det betalt ut 303 816 028 kroner. Det er 2050 søknader for 7563 arrangement som får utbetalt i denne runda.

Last ned oversikt over kven som har fått utbetalt i dag.

Samla er det no betalt ut 422 millionar kroner for over 11 600 arrangement i krisepakke 2.

Søknadsfristen er 15. september 2020. Denne krisepakken gjeld frå 12. mars til 31. august 2020.

Regjeringa har foreslått ei løyving på ein milliard kroner til ei ordning som skal gjelde frå 1. september til og med 31. desember 2020.