Trenden held fram. Det er mindre ulovleg reklame for pengespel på norske TV- skjermar. – Dette viser at jobben vi gjer for å stoppe ulovleg marknadsføring har effekt, seier direktør Gunn Merete Paulsen.

Etter ein kraftig auke frå 2013 til 2017, har spelselskapa sin pengebruk på TV-reklame gått nedover, ifølge ei kartlegging Medietilsynet har gjort basert på reklamestatistikk frå Nielsen Media Research.

Det blir først og fremst mindre TV- reklame frå selskap som ikkje har lov til å tilby eller marknadsføre spela sine i Noreg. Frå perioden august 2018 til juli 2019 brukte desse selskapa nesten 19 prosent mindre pengar på TV-reklame, målt mot same periode i 2017 og 2018.

– Den norske marknaden blir mindre attraktiv

Paulsen trur verktøya norske styresmakter brukar for å stoppe spelselskap som ikkje har lov til å tilby og marknadsføre pengespel gjer den norske marknaden mindre attraktiv.

– Norske styresmakter har også vore tydelege på at denne reklamen ikkje er lov. På same tid kan ein del av den ulovlige reklamen ha bevega seg over på andre plattformer, og det følgjer vi tett.

Aktørane som har løyve til å marknadsføre pengespel i Noreg brukar framleis langt mindre pengar på TV- reklame enn selskapa som ikkje har løyve. Dei regulerte spelselskapa brukte 248 millionar bruttokroner på TV- reklame, medan dei andre brukte rundt 631 millionar bruttokroner.

Postkodelotteriet har etablert seg

Undersøkinga viser også at aktørane som har lov til å operere i Noreg har brukt 6 prosent meir på TV- reklame. Dette kjem først og fremst av at Postkodelotteriet har etablert seg som ein ny aktør.

– Auken er som forventa når vi får ein ny, lovleg aktør. Så er det viktig å understreke at dei regulerte aktørane brukar langt mindre pengar på TV- reklame enn selskapa som ikkje har lov til marknadsføre seg, seier Paulsen.

Reklamen frå selskap som har løyve til å operere i Noreg er strengt regulert, og spela har strenge krav til ansvarligheit. I dag er det Norsk Tipping, Norsk Rikstoto, Pantelotteriet og Postkodelotteriet som har løyve og marknadsfører pengespel på TV.

– For desse selskapa er det naudsynt å marknadsføre for å kanalisere kundar til dei lovlege speltilboda. Lotteritilsynet har god kontroll på denne marknadsføringa. Marknadsføringa er strengt regulert, og fokuserer på pengespel med låg risiko for speleavhengigheit. Dei ulovlige reklamane marknadsfører heilt andre spel, seier Paulsen.

Hovudfunn i Medietilsynet si undersøking:

  • Totalmarknaden for pengespelreklame held fram å falle, og gjekk ned med 13 prosent i perioden august 2018 til juli 2019 målt mot same periode året før. Til samanlikning gjekk marknaden ned med tre prosent i fjor målt mot perioden august 2016 til juli 2017.
  • Reklame for pengespill frå uregulerte aktørar retta mot norske TV-sjåarar gjekk ned 19 prosent i perioden august 2018 til juli 2019 målt mot same periode i året før.
  •  Reklame for norske, regulerte pengespel hadde ein auke på seks prosent same periode
  •  Veksten i reklame for norske pengespel kjem i all hovudsak dei britiske TV-kanalane til gode. Reklame for norske pengespel auka med 33 prosent for utanlandske kanalar, og med 0,5 prosent for dei norske tv-kanalane i den siste perioden som er kartlagt.
  •  14,2 prosent av dei utanlandske kanalene sine reklameinntekter kjem frå pengespel, mot 2,6 prosent for dei norske kanalane.
  •  Dei norske TV-kanalane sine totale reklameinntekter gjekk ned med 2,1 prosent i den siste perioden som er kartlagt. Trass i at reklameinntektene for pengespel gjekk ned tre prosentpoeng, auka dei utanlandske TV-kanalene sine totale reklameinntekter med 0,4 prosent i same periode. Fallet i reklameinntekter frå pengespel vart difor kompensert med vekst i inntekter frå annan reklame

Om tala

Tala er henta frå reklamestatistikk frå Nielsen Media Research for perioden 1. august 2018 til 31. juli 2019. I statistikken er det registrert pengespelreklame (reklameinnslag og sponsorplakatar) sendt av dei største TV-kanalene som er tilgjengelege for norske sjåarar. Kanalane som er med i utvalet sender frå Noreg, Nederland, Spania og Storbritannia.

Alle tala er baserte på gjeldande prislister for den enkelte kanal, og er difor er det brukt bruttokroner. Rabattane for annonsering kan være svært høge, og bruttobeløpet kan difor avvike mykje frå nettobeløpet. Denne prislistemetoden blir brukt fordi det er den einaste som er allment tilgjengeleg. Metoden gjev eit godt samanlikningsgrunnlag på tvers av kanalane, og den prosentvise endringa er reell forutsett at rabattene ikkje blir drastisk endra.

TV-kanalar som sender frå Noreg: TVNorge, TV 2, TV 2 Livsstil, TV 2 Humor, TV 2 Sport, TV 2 Nyhetskanalen og TV 2 Zebra.

TV-kanalar som sender frå utlandet: BBC Brit, Comedy Central, Discovery Channel, Disney Channel, Eurosport 1, Eurosport Norge, FEM, FOX, MAX, National Geographic Channel, Nickelodeon, TLC, TV3, TV6, Viasat 4 og VOX.