Tysdag 16. juni legg Stiftelsestilsynet fram nye tal om kor mykje pengar stiftelsar delar ut, samt kor mange dugnadstimar og frivillige dei har. – Noko av dette har vi ikkje undersøkt før, og det er spennande tal, seier avdelingsdirektør Siw Heggedal Longvastøl.

Norske stiftelsar bidreg med stadig meir pengar til gode formål, skaper arbeidsplassar og samarbeider tett med andre aktørar. Mange bidreg dessutan med frivillig arbeid. Vi ser også at stiftelsar på grunn av sin frie stilling kan bidra til å innovere offentlege og private tenester gjennom å spisse tema, satsingar og nye former for samarbeid. Det stiftelsane gjer, kjem samfunnet til gode og er med på å drive samfunnet framover.

Funna i undersøkinga “Norske stiftelsars samfunnsbidrag” skal leggast fram tysdag 16.juni frå klokka 10.00 – 10.50. Rapporten og meir informasjon om funna i undersøkinga blir lagt ut her på våre nettsider på same tidspunkt.

Du blir med på webinaret ved å følgje denne lenka.

Undersøkinga vart sendt ut til alle norske stiftelsar i januar 2020, og opp mot 7 av 10 har svart.

-Å synleggjere stiftelsesforma og korleis norske stiftelser bidreg i samfunnet er ein viktig og sentral oppgåve for oss. Og så trur eg mange omgir seg med stiftelsar i større grad enn dei tenker over. Nokon blir kanskje overraska når dei ser tala, seier Longvastøl.

Tips til å kople på webinaret:

  • Klikk på lenka over
  • Det opnar seg eit vindauge der du må velgje om du vil opne Teams i nettlesar eller i app. Har du ikkje Teams frå før, kan du velje nettlesar.
  • Du blir bedt om vente til webinaret startar.

Ressursar:

  • Når du er inne, kan du laste ned rapport og presentasjonar i pdf ved å klikke på lenke til vår nettside.
  • Send spørsmål eller kommentarar til oss ved å klikke på meldings-ikon nede i venstre hjørne. Vi tar ei svarrunde mot slutten.
  • Andre vil ikkje kunne sjå dine spørsmål eller meldingar til oss undervegs i webinaret.
  • Du vil kunne sjå webinaret i etterkant via våre nettsider.

Tekniske utfordringar som kan oppstå:

  • Om bildet heng, kan du oppdatere nettsida med tasten F5, eller eigen knapp for oppdatering.
  •  Om det ikkje fungerer, prøv ein annan nettlesar (gjerne Google Chrome eller Microsoft Edge) og/eller lukk andre programmer du måtte ha oppe. Du kan også prøve eit anna nettverk.
  • Om du har problem med lyd, så gå til innstillingar og vel lydeining og nivå på volum.