Stiftelsen Romanifolket/taternes kulturfond og tre avsette styremedlemmer klaga den 28. april 2017 på vedtak gjort av Stiftelsestilsynet den 10. april 2017. Stiftelsesklagenemnda har no avgjort klagen.

Gjer om vedtak

Klagenemda gir klagar delvis medhald og gjer om Stiftelsestilsynets vedtak.

Klagenemda viser her ei anna forståing av skjønnsmessige bestemmelsar i Stiftelseslova. Vi har gjort vår jobb, klagenemnda har gjort sin jobb. No ligg det føre eit resultat som vi tar til etterretning. Vi er nøgde med at klagenemda avviser påstandene om myndigheitsmisbruk, og at dei ikkje finn feil i sakbehandlinga. Det seier avdelingsdirektør for Stiftelsestilsynet, Siw Heggedal Longvastøl.

Les heile vedtaket frå Stiftelsesklagenemnda.