Stiftelsar har generell rekneskapsplikt etter rekneskapslova.

Må levere rekneskap

Årsrekneskap og årsmelding skal fastsetjast innan seks månader etter rekneskapsåret er avslutta, generelt innan 30. juni. For å unngå forseinkingsgebyr må årsrekneskapen med notar, årsmelding og revisjonsmelding vere sendt til Rekneskapsregisteret seinast 31. juli– i året etter rekneskapsåret.

Frå 1. januar 2015 kan rekneskap kun sendast inn elektronisk via Altinn.

Årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding skal ikkje sendast til Stiftelsestilsynet.

Små føretak har ikkje plikt til årsberetning

Merk at rekneskapslova vart endra 1. januar 2018. Lovendringane betyr at små foretak ikkje lenger har plikt til å utarbeide årsberetning. Dei nye reglane har verknad for stiftelser som fell under definisjonen av små føretak i regnskapsloven § 1-6.

Les meir om endringane i rekneskapslova på regjeringen.no.

Må ha revisor

Stiftelsar har plikt til å bruke statsautorisert revisor registrert hos Finanstilsynet. Informasjon om val av revisor og revisor sine plikter finn du i stiftelseslova §§ 43 og 44. Merk at det er unntak for stiftelsar der kommunar oppnemner styrefleirtalet.

Revisor må løpande sende kopi av nummererte brev som nevnt i revisorlova § 9-5 til Stiftelsestilsynet.