Lotteri- og stiftelsestilsynet fører tilsyn med Grasrotandelen ut frå tips og eigne risikovurderingar. Vi skal kunne føre tilsyn med deltaking i ordninga, utbetaling av midlar og mottakarens tilgang til og bruk av midlane. Det er presisert at grasrotmidlane ikkje skal kome nærings- , eller privatøkonomiske interesser eller typisk offentlege oppgåver til gode.

Last ned eigenerklæringsskjema (word) som vi brukar i samband med tilsyn.

Om Grasrotandelen

Ein spelar hos Norsk Tipping kan bestemme at sju prosent av speleinnsatsen skal gå til eit lag eller organisasjon som er registrert i Frivillighetsregisteret og godkjent som grasrotmottakar. Dette er Grasrotandelen som spelaren gir til «sitt» lag.

Les forskrift om Grasrotandelen.

Kven kan få Grasrotandel?

Organisasjonar som er registrert i Frivillighetsregisteret og er godkjent som grasrotmottakar av Brønnøysundregistrene,  kan ta imot grasrotandel dersom eininga driv frivillig verksemd på lokalt eller regionalt nivå.

Du finn meir informasjon om Grasrotandelen på Norsk Tipping sine sider.