I revidert nasjonalbudsjett for 2018 gjer regjeringa framlegg om ei tilleggsløyving på 100 millionar kroner til momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg.
Denne løyvinga kan gi tilnærma full kompensasjon av det godkjente søknadsbeløpet i 2018. Avkortinga kan bli på maksimalt seks prosent.
I statsbudsjettet for 2018 vart det løyvd 185 millionar kroner til denne ordninga. Med ekstraløyvinga vil samla beløp vere 285 millionar kroner.
Lotteri- og stiftelsestilsynet har i 2018 mottatt 488 søknader om momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg. Samla søknadsbeløp er 305 millionar kroner. Samla godkjent søknadsbeløp vil ikkje vere klart før vi har avslutta saksbehandlinga.