Norges Røde Kors, Redningsselskapet og Norsk Folkehjelp mottar totalt 518,3 millionar kroner til frivillig nasjonal beredskap frå Norsk Tipping sitt overskot i 2022.
Det er ei auke på 22,8 millionar kroner samanlikna med fjoråret.
– Dette er ei viktig ordning for dei store aktørane innan redning og beredskap. Ordninga skal bidra til å trygge viktige samfunnsoppgåver som store landsdekkande organisasjonar utfører innan helse, sosiale tenester, natur- miljø og dyrevern, og krisehjelp og støttearbeid, seier avdelingsdirektør for frivilligheitsstøtte, Marianne Skjeldestad Hove.
Faste utbetalingar
I tillegg skal ordninga sikre at sentrale rednings- og beredskapsoppgåver kan vidareførast.
18 prosent av speleoverskotet frå Norsk Tipping skal fordelast til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar. Den samla potten til fordeling er 968,9 millionar i 2023. Norges Røde Kors, Redningsselskapet og Norsk Folkehjelp er blant organisasjonane som er sentrale for norsk redning og beredskap, og får derfor ein årleg fast del av midlane som vert betalt ut i juni.
I år er midlane fordelt slik:
Mottakar | Tildelast 2023 (overskot 2022) |
Norges Røde Kors | 306 171 743,- |
Redningsselskapet | 188 935 095,- |
Norsk Folkehjelp | 23 253 550,- |
Totalt: | 518 360 388,- |
Andre organisasjonar må søke på ordninga. Søknadsfristen er 1. september.
Meir informasjon, varsel og søknadsskjema finn du ved å klikke på denne lenka: Tilskudd til samfunnsnyttige og humanitære organisasjoner fra spilleoverskuddet til Norsk Tipping – Lottstift
Tildelinga er regulert gjennom Forskrift om tilskudd til samfunnsnyttige og humanitære organisasjoner fra spilloverskuddet til Norsk Tipping – Lovdata