Søknadsfristen for momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg gjekk ut 1. mars. Her kan du sjå kven som har søkt og søknadsbeløp.
Lotteri- og stiftelsestilsynet har fått inn 533 søknadar med eit søknadsbeløp på ca. 301 millionar kroner, mot ca. 294 millionar kroner i fjor. Gjennomsnittleg søknadssum på kvart anlegg er i år på ca. 565 000 kroner mot ca. 547 000 kroner i fjor.
Litt færre søknadar i år
Det kom inn fire færre søknadar i år. Dette betyr at gjennomsnittleg søknadsbeløp per søknad har gått litt opp igjen, og at anlegga som er med i denne runden er større enn i fjor. Totalkostnaden på anlegga har også økt med ca. 200 millionar kroner.
I 2020 er det løyvd 194,5 millionar kroner til momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg. Endeleg godkjent søknadsbeløp og avkorting blir klar før sommarferien, etter at saksbehandlinga er ferdig.