563 søknader om momskompensasjon til idrettsanlegg

1. mars var fristen for søknad om momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg. Sjå kven som har søkt og søknadsbeløp.

Lotteri- og stiftelsestilsynet har i år fått inn 563 søknadar med eit søknadsbeløp på ca. 313,4 millionar kroner. Tilsvarande sum var ca. 301 millionar kroner i fjor. Kvart anlegg søker i år om gjennomsnittleg ca. 557 000 kroner mot ca. 565 000 kroner i fjor.

Fleire søknader

Det kom inn 28 fleire søknadar i år. Dette betyr litt lågare gjennomsnittleg søknadsbeløp per søknad. Det er fleire store anlegg som har søkt i år, men totalkostnadane på anlegga er likevel gått ned med ca. 130 millionar kroner.

I 2021 er det løyvd 299 millionar kroner til momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg. Endeleg godkjent søknadsbeløp og avkorting blir klar før sommarferien, etter at saksbehandlinga er ferdig.