Tips sendt via tipsskjemaet vårt sidan mars i fjor har ikkje kome inn i vårt arkivsystem. – Vi er bekymra for at vi kan ha gått glipp av viktige tips, og håpar folk vil sende oss tipsa sine på nytt, seier Atle Hamar.
Tips frå publikum er ein viktig del av tilsynsarbeidet vårt. På grunn av ein feil har vi ikkje fått tipsa sendt via tipsskjemaet vårt. Feilen har vore der sidan mars 2024, og blei oppdaga i juni i år.
– Vi er avhengige av tips frå publikum, og folk skal ha tillit til at tipsa dei sender kjem fram til oss. Dette er ein alvorleg feil, og det gjekk altfor lang tid før vi oppdaga den.

No er feilen retta, og her kan du sende oss tips.
Vi får inn tips knytt til tilsynsområda våre. Flest tipsar om ulovlege pengespel, men vi får også tips knytt til stiftelsar og tilskot til frivillige organisasjonar.
Fleire hundre tips kan vere borte
Publikum har i perioden tipsa oss via andre kanalar som e-post, kontaktskjema og telefon. Men dei som har brukt tipsskjemaet har ikkje fått varsel om at tipset deira ikkje kom fram. Det er berre i tipsskjemaet publikum kan levere anonyme tips.
Vi har klart å hente fram 120 tips frå dei siste to månadane. Resten er automatisk sletta grunna personvernomsyn.
– Det betyr at fleire hundre tips kan vere borte for oss, men vi har ikkje eksakte tal. Vi skal gå grundig igjennom dette og gjere dei endringane som må til for å unngå at liknande skjer igjen, seier Hamar.
Vi er avhengige av tips frå publikum
Feilen blei raskt retta då den blei oppdaga.
– Folk skal ha tillit til at tipsa dei sender kjem fram, og at vi tar det på alvor. Å få inn tips er viktig for oss. Fleire av tilsyna våre startar med tips frå publikum.