Feil i trekningane over fleire år ramma millionar av spelarar.  

Både i ekstratrekningane til Eurojackpot og supertrekningane i Lotto har spelarar i andelslag, spelelag og andelsbank hatt større vinnarsjanse enn dei skulle hatt. Årsaka er ein feil i trekningsgrunnlaget. 

Norsk Tipping har stadfesta at det har vore feil i trekningane sidan 2021, men den kan også strekke seg lengre tilbake i tid.  

-Det betyr at feilen har ramma millionar av spelarar. Det har vore feil vinnar i kvar einaste trekning over fleire år, seier Atle Hamar, direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Berre i 2024 var det omtrent 1,5 millionar som spelte Eurojackpot, og i underkant av 2 millionar som spelte Lotto.  Dei siste åra har det vore til saman 108 ekstra- og supertrekningar årleg.  

– Feilen er alvorleg og eit klart brot på lova. Spelarane skal kunne stole på at Norsk Tipping sine spel er trygge og rettferdige. Med den marknadsposisjonen dei har må ein forvente at slike feil blir oppdaga og retta umiddelbart, men det har dei ikkje hatt gode nok system for.  

Gjennomførte fleire trekningar trass tips om feil 

Norsk Tipping blei først kjent med at det kunne vere feil i Eurojackpot-trekninga i november i fjor, utan at dei undersøkte det nærare.  

Feilen blei også tipsa om 24. januar, og då gjennomførte Norsk Tipping likevel to trekningar før dei gjorde undersøkingar og avdekka feilen.  

– Dette er graverande og aktlaust, seier Hamar.

Norsk Tipping hadde også opplysningar om at supertrekninga i Lotto kunne vere feil i fleire veker før dei undersøkte det. 

Inntil 46 millionar i gebyr

Lotteritilsynet varslar no Norsk Tipping om inntil 46 millionar i gebyr. Det er 0,45 prosent av Norsk Tipping si omsetning. Den var 10,2 milliardar i 2024, etter at utbetalte premiar er trekt frå.  

– Det er formildande at Norsk Tipping generelt har stort fokus på trygge pengespel. Dette er likevel ei alvorleg sak som har ramma millionar av spelarar og eit vesentleg brot på lova, seier Hamar.

Norsk Tipping har frist på tre veker til å uttale seg, før Lotteritilsynet gjer vedtak.  

Les varselet (PDF).

Tredje feilen på under eit år

Dette er tredje lovbrotsgebyret Norsk Tipping har fått på under eit år.  

Lotteritilsynet vedtok 4,5 millionar i gebyr, etter at ein spelar ved ein feil fekk utbetalt 25 millionar frå kasinospelet KongKasino. Norsk Tipping har klaga på vedtaket, og saka er ikkje avgjort.  

Norsk Tipping må betale 36 millionar i gebyr etter ein feil som gjorde at spelarar ikkje fekk stenge seg ute frå pengespel

Skjerpar krava til Norsk Tipping

– Norsk Tipping må ha betre kontroll med spela dei tilbyr, og må førebu seg på at vi strammar inn kontrollen, seier Hamar.

No har Lotteritilsynet mellom anna fått i oppgåve å utgreie eit nytt regelverk som stiller krav til bruk av uavhengige testinstitutt, for å teste at spela er gode nok.  

– Det er for å førebygge fleire feil, og vi ser at det er heilt nødvendig å få på plass.