Vi inviterer til ein aktuell og spennande paneldebatt under Arendalsuka.
-Korleis stoppar norske styresmakter og media ulovleg spelreklame i ei tid der annonseringa i media i stadig større grad skjer digitalt og ved hjelp av kunstig intelligens? Kva om vi ikkje klarer det? Dette skal vi diskutere under Arendalsuka, seier debattleiar Anne Mette Hjelle, som er kommunikasjonsdirektør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Med oss har vi stortingsrepresentantane Trond Giske (Ap) og Tage Pettersen (H), Torgeir Waterhouse, direktør for internett og nye medium i IKT- Norge, samt Victoria C. Schultz, konserndirektør for sal og marknad i Amedia. Direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet, Gunn Merete Paulsen, og direktør i Medietilsynet, Mari Velsand, skal innleie debatten.
– Arendalsuka er ein sentral møteplass. Det viktig for oss å vere der for å møte andre aktørar, samt bidra med kunnskapen vi har, seier Hjelle.
Debatten er på Castelle Bar & Restaurant 12.august klokka 16.00. Vi kjem også til å streame den på Facebook. Sjå Facebook- arrangementet her.