Kostnaden av problemspeling og ulovleg tv-reklame er to av temaa vi skal snakke om i Arendal. Du møter oss også på fleire av arrangementa til Stiftelsesforeningen og andre aktørar.
Norske stiftelsar blir større. Korleis kan dei bli viktigare? Det skal opp til diskusjon måndag 15. august klokka 12 i Sparebanken Sør. Der inviterer Sparebankforeningen i Norge med fleire til drøfting av stiftelsar si framtidige rolle i samfunnsutviklinga. Atle Hamar, direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet, er blant bidragsytarane du høyrer her.
Siste nytt om den ulovlege reklamen
Onsdag 17. august klokka 08.30 inviterer Lotteritilsynet og Medietilsynet til samtalen “Slik stopper vi den ulovlige tv-reklamen. Hvor går veien videre?” i Kulturkammeret.
Kanaldistributørane har fått frist til august 2022 for å stanse tv-reklame for spelselskap som ikkje har tillatelse til å tilby spel i Norge. I kva grad etterlever distributørane den nye kringkastingslova? Og kor godt verkar styresmaktene sine reguleringstiltak?
Det skal vår direktør Atle Hamar og Mari Velsand, direktør i Medietilsynet, snakke om. Det blir panelsamtale om moglege utfordringar for pengespel-reguleringa framover med fleire gjester.
Antikvitvasking frukostmøte
Torsdag 18. august klokka 08.30 arrangerer Norsk Rikstoto frukostmøte som har økonomisk kriminalitet og antikvitvasking som tema. Henrik Nordal i Lotteritilsynet deltar i panelsamtalen med fleire. Det skjer på Thon hotel Arendal.
Kostnaden av speleproblem – for den enkelte og samfunnet
Torsdag ettermiddag inviterer vi til “Dette kostar problemspelinga – for samfunnet og for enkeltmennesket” på Impact Hub (Bærekraftshuset i Torvgata 7) klokka 15.
Ein fersk rapport frå Universitetet i Bergen estimerer at problemspeling kostar samfunnet over 5 milliardar kroner i året.
– Dette illustrerer at speleproblem er eit folkehelseproblem, og at tiltaka vi har for å beskytte sårbare spelarar er heilt nødvendige, seier Nordal.
Under denne seansen fortel han meir om funna. Vi får også med oss sosionom Asbjørn Visland frå Sørlandet sykehus og Jarle Wangen i Arbeidslivets kompetansesenter for rus- og avhengighetsproblematikk.
Fredrick Haugen har sjølv slite med speleproblem. Han gir oss innblikk i si historie – og kva som var viktig for at han kom seg ut av problema.
Fokus på stiftelsar sine bidrag og utfordringar
Tidlegare torsdag 18.august, klokka 08 i Sparebanken Sør, arrangerer Stiftelsesforeningen debatt om “Stiftelsene er viktige aktører i sivilsamfunnet – Hva er stiftelsens utfordringer fremover”.
Det blir ein samtale om stiftelsane si rolle på mange område i samfunnet, som innan forsking og kultur. Her skal Siw Heggedal Longvastøl, avdelingsdirektør for Stiftelsestilsynet, halde innlegg og delta i debatten. Ho møter blant anna Ingrid Lorange som er administrerande direktør i Gjensidigestiftelsen, Stein Olav Henrichsen som er direktør for MUNCH og stortingsrepresentant Michael Tetzchner frå Høgre med fleire.
Same dag, torsdag klokka 15.30, inviterer Stiftelsesforeningen og Universitetet i Agder til samtalen “Hvordan kan stiftelser bidra i nytenkningen om finansiering av forsking og innovasjon”.
Her skal ein mellom anna snakke om kva rolle stiftelsar kan ta, og korleis ei ny stiftelseslov kan legge til rette for offentleg-privat finansieringssamarbeid.
Siw Heggedal Longvastøl frå Stiftelsestilsynet møter blant andre Mari Sundli Tveit som er administrerande direktør i Norges Forskingsråd, Nina Sandberg som er generalsekretær i Universitets- og høgskolerådet og ei rekke andre i samtalen.
Verdien av frivillige og ideelle organisasjonar
Torsdag ettermiddag er det mykje å velje i. Arrangementet “Frivillige og ideelle organisasjoner i morgendagens samfunn” går av stabelen klokka 15, der det blir sett fokus på kva verdi frivillige og ideelle organisasjonar tilfører samfunnet.
Her skal Atle Hamar, direktør for Lotteri- og stiftelsestilsynet, halde apell. Det skjer hos Sparebanken Sør.
Møt oss gjerne i Arendal, eller følg arrangementa direkte på nett. I programpostane som det er lenka til over finn du lenker til sendingane.
Vi gler oss!