– Dette illustrerar at problemspeling er eit folkehelseproblem, og at tiltaka vi har for å beskytte sårbare spelarar er heilt nødvendige, seier Henrik Nordal i Lotteritilsynet. 

For første gang i Noreg er dei samfunnsøkonomiske kostnadane av problemspeling undersøkt. Det er Nasjonalt kompetansesenter for spillforskning, SPILLFORSK, ved Universitetet i Bergen som har gjennomført undersøkinga på oppdrag frå Lotteritilsynet. Forskarane har estimert at problemspeling kostar samfunnet 5,1 milliardar kroner i året.  

– Dette er alvorlege tal. Rapporten viser at problem med pengespel har store konsekvensar for spelarar, pårørande og det norske samfunnet, seier avdelingsdirektør Nordal.  

Forskarane har kartlagt og laget estimat over direkte, indirekte og immaterielle kostnader. For kvar av desse kategoriene har dei tatt utgangspunkt i at det er 55 000 problemspelarar i Noreg, som den siste befolkningsundersøkinga viser.

Speleproblem er framleis veldig tabubelagt 

Rapporten viser at problemspeling har betydelege kostnader knytta til arbeidsliv, behandling, økonomiske utfordringar og nedsatt livskvalitet for både spelarar og pårørande.  

Arbeidsløyse på grunn av speleproblem er estimert til å koste samfunnet nær 892 millionar i året. For dei som er i jobb kan speleproblem påverke arbeidsdagen. Nokon brukar arbeidstid på pengespel eller problem knytt til spelinga. Tapt arbeidsproduktivitet blir estimert til å koste arbeidsgivarane over 460 millionar.  

– Speleproblem er fortsatt knytta til tabu og skam i Noreg. Det går ofte lang tid før dei som har problem fortel det til nokon. Då kan også konsekvensane bli større. Det er viktig for oss å seie at det finnast hjelp, seier Nordal.  

Fleire studiar viser at problemspelarare har auka risiko for sjølvmord. Estimat i rapporten viser at det var 51 sjølvmord i Noreg i 2019 på grunn av problemspeling, og at 470 menneske oppsøkte helsehjelp på grunn av sjølvmordsforsøk.  

Nødvendig med streng regulering 

Samfunnsutviklinga har ført til at pengespel er langt meir tilgjengelige.  Mobiltelefonen er som eit kasino i lomma.  

– Vi har strengast regulering av dei spela som potensielt skapar størst skade. Sjølv om rapporten ikkje går inn på enkeltspel, viser den at det er riktig tilnærming, seier Nordal.  

Norske pengespel er strengt regulerte, for å redusere faren for speleproblem.  

Det er berre Norsk Tipping som har lov til å tilby kasinospel og oddsspell på nett i Noreg, og dei har strenge krav til ansvarlighetsverktøy. Dei har blant anna maksgrenser for kor mykje pengar du kan tape, og dei kontaktar deg dersom du er i risikosona for å få speleproblem.  

Kjente spelselskap som ikkje har løyve i Noreg
  • Unibet
  • Betsson
  • ComeOn
  • Nordicbet
  • Betssafe
  • Coolbet
  • Leo Vegas
  • Mariacasiono
  • Folkeriket
  • Norgesautomaten
  • MrGreen

Sjå heile oversikta over spelsleksap utan løyve til å tilby pengespel i Noreg.

– Dei ulovlege spelselskapa derimot tilbyr i stor grad berre spel som kan skape store skader for ein spelarr som har problem, og desse spela har ikkje dei same sikkerhetsnetta som dei norske spela har.  

Vi åtvarar mot ulovlege spelselskap 

Svart gambling er pengespel ulovlege selskap tilbyr i Noreg. I svart gambling blir spelarane utsett for stor risiko, ofte utan at dei sjølv veit kor farlege desse spela er.  

– Nokon spelar på seg så stor gjeld at det får konsekvensar for resten av livet. Det kan vere snakk om fleire millionar kroner, seier Nordal.

Desse spela har for eksempel ikkje absolutte grenser for kor mykje du kan tape. Du risikerar også å bli lokka til å spele meir ved hjelp av bonusar og VIP- ordningar, sjølv om du prøvar å slutte å spele.  

 Utanlandske spelselskap tener mykje pengar på norske problemspelar, mens spelarane, pårørande og det norske samfunnet sit igjen med kostnadene. 

Henrik Nordal, Lotteritilsynet