Over 6 av 10 i alderen 13-18 år har fått reklame for pengespel på nett, viser ei undersøking frå Medietilsynet. – Vi vil slå hardt ned på bruk av influensarar som skal lokke barn og unge inn i ulovlege pengespel, seier Monica Alisøy Kjelsnes i Lotteritilsynet.

Du har kanskje sett det sjølv. Utanlandske spelselskap har marknadsført spela sine i Noreg i mange år, utan at dei har lov til å verken marknadsføre eller tilby spel i Noreg. Over 6 av 10 barn og unge i alderen 13-18 år fekk reklame for pengespel på nettet i fjor, ifølge Medietilsynet sin rapport «Barn og medier 2022».

Lotteritilsynet er spesielt bekymra for ulovlege selskap sin bruk av influensarar.

– Denne marknadsføringa kan lede barn og unge inn i desse pengespela, og spelambassadørane er med på å normalisere dei aller farlegaste spela. Influenserar har stor påverknadskraft, og barn og unge er særleg utsette for slik påverknad, seier Kjelsnes.

Varslar nye influensaraksjonar

I 2023 trappar Lotteritilsynet opp innsatsen mot marknadsføring av ulovlege pengespel i sosiale medium. Den nye pengespellova gir oss nye verkemiddel, og i fjor haust advarte vi influensarar og andre spelambassadørar om at dei risikerer gebyr om dei bryt lova.

– Vi har allereie hatt ein influensaraksjon i 2023, og vi såg at mange influensarar har slutta med å marknadsføre dei ulovlege pengespela. Men det betyr ikkje at bransjen er friskmeldt, og vi kjem til å ha fleire slike aksjonar framover.

Samarbeider med Google og Facebook

Lotteritilsynet samarbeider med Google, Facebook, Instagram og Apple og andre store selskap om få fjerna ulovlege pengespelannonsar.

– Vi ønsker at folk tipsar oss dersom dei ser ulovleg reklame, og det går også an å rapportere direkte til selskapa, seier Kjelsnes.

Dersom du ser ulovleg reklame for pengespel kan du tipse oss via denne nettsida.