Lotteritilsynet ber mediehusa skjerpe kontrollen av digitale annonser. Den siste tida har vi sett ei auke i ulovleg reklame for utanlandske spelselskap i norske nettaviser.
Det er Lotteritilsynets oppgåve å stanse ulovleg marknadsføring av utanlandske pengespelselskap i norske nettaviser. Gjennom fleire år har vi løyst denne oppgåva i god dialog med norske mediehus og omfanget av slike annonser har vore lågt. Vi opplever no ei auke i ulovlege annonser frå utanlandske pengespelselskap i norske nettaviser, og har difor sendt brev til norske mediehus og annonsebyrå der vi ber dei styrke kontrolltiltaka.
Kva er programmatiske annonser
Lotteritilsynet ser auka i ulovlege annonser for pengespel i samanheng med auka bruk av programmatisk annonsering. Programmatisk annonsering er automatisert kjøp og sal av nettannonser via digitale børsar. Nettavisene legg ut ledig annonseplass på børsen og annonsørane legg inn bod på annonseplassen etter bestemte mål og kriterium. Kjøpet skjer automatisk og annonsa blir vist i notid. Dette gjer det utfordrende å oppdage om ei ulovleg annonse går gjennom før den allereie er publisert. Kven som ser annonsene er basert på informasjonskapslar (cookies) og anna tilgjengelig informasjon om nettbrukaren, som kjønn og geografi.
Spelselskapa omgår filtera
Gjennom ei kartlegging har Lotteritilsynet avdekka at dei utanlandske pengespelselskapa og deira samarbeidspartnarar omgår kontroll og filter som nettavisene og annonsebyråa bruker for å hindre ulovleg marknadsføring. Lotteritilsynets vurdering er at nettavisene tar problemet på alvor og handler raskt når ulovlege annonser slepp gjennom. Like fullt viser utviklinga at eit auka tal ulovlege annonser blir publisert på norske nettaviser, og vi ser behovet for at mediehusa styrker kontrolltiltaka ytterlegare for å hindre at dette skjer.
Lotteritilsynet vil intensivere tilsynet
Norske mediehus har ansvaret for at ulovlege annonser for utanlandske pengespelselskap ikkje blir publisert. Dersom mediehusa vel å inngå avtale med ein ekstern part i samband med annonsering, er det like fullt nettavisenes ansvar å sjå til at annonsene ikkje inneheld reklame for utanlandske pengespelselskap.
Vi ønskjer ein fortsatt konstruktiv dialog med mediehusa om ulovlege annonser for utanlandske pengespelselskap, men dersom omfanget av slike annonser held fram å auke, vil vi vurdere å ta i bruk reaksjoner i form av vedtak med pålegg om stans og tvangsmulkt.