Ber rapporteringspliktige vere årvakne for nye indikatorar på kvitvasking og terrorfinansiering

Eininga for finansiell etterretning (EFE) ved Økokrim ber rapporteringspliktige vere ekstra årvakne for nye indikatorar på kvitvasking og terrorfinansiering i samband med koronakrisa.

Rapportering av mistenkelege forhold er ein sentral og viktig del av det nasjonale antikvitvaskingsregimet. Kriser og endringar i samfunnet og økonomien fører også til endringar i framgangsmåtar for kvitvasking og terrorfinansiering.

Derfor ber EFE rapporteringspliktige vere ekstra årvakne for nye indikatorar om korleis kriminelle utnyttar den sårbare situasjonen samfunnet er i.

Dei rapporteringspliktige må ta utgangspunkt i kva verksemd dei sjølve driv og kva produkt som blir tilbydde, og på bakgrunn av det vurdere korleis verksemda og produkta deira kan bli misbrukt på nye måtar, skriv Økokrim.

Dei peikar mellom anna på at kompensasjonsordningane til næringslivet sannsynlegvis vil tiltrekke seg kriminelle med ønske om økonomisk profitt.