Etter utbrotet av covid-19 kan fleire bingohallar miste retten til å ha oppstilt databingo som følgje av tapte inntekter. Lotteritilsynet opnar difor for å kunne søke om utvida periode for å kunne dokumentere omsetning.
Lotteritilsynet har bestemt at aktørar som har behov for det kan søke om å få utvida omsetningsperioden med inntil 3 månadar for bingohallar som måtte stenge grunna covid-19. Nystarta bingohallar som har prøveperiode for databingo, vil kunne søke om tilsvarande forlenging av denne perioden.
Mogelegheita til å søke om utviding av perioden skjer som følgje av utbrotet av pandemien som førte til at fleire bingohallar vart nøydde til å stenge hallane i ca 2 månadar, og dermed tapte inntekter.
Det er eit krav at bingohallane må ha ein omsetning i løpet av 12 månadar på over 2 millionar kroner for å kunne ha databingo i hallane.
Lotteritilsynet har i forskrift om bingo § 34 heimel til å «dispensere fra bestemmelsene i denne forskrift».