– DNS-blokkering vil gjere dei mest risikofylte pengespela mindre tilgjengelege og redusere rekrutteringa til ulovlege pengespeltilbydarar, seier avdelingsdirektør Henrik Nordal i Lotteritilsynet.

Lotteri- og stiftelsestilsynet er positive til forslaget frå Kulturdepartementet om DNS-blokkering av nettsider som tilbyr pengespel utan løyve i Noreg, som no har vore ute på høyring.

Ei blokkering vil først og fremst vere eit viktig tiltak overfor sårbare spelarar og familiane deira.

– Blokkeringa vil også fungere som eit effektivt informasjonstiltak ved å gjere fleire merksame på kva pengespel som ikkje har løyve i Norge. Meir enn 6 av 10 av dei som spelar hos ulovlege pengespeltilbydarar veit ikkje eller er usikre på kven som har lov til å tilby pengespel, og blir uforvarande utsett for risikoen ved slike spel, seier Nordal.

Lotteri- og stiftelsestilsynet meiner ein slik lovregel, i tillegg til ny lovregel i kringskastingslova, eit styrka betalingsformidlingsforbod og den nye pengespellova vil gjere arbeidet med å stoppe dei ulovlege aktørane på den norske pengespelmarknaden meir effektivt.

Du kan lese høyringsuttalen frå Lotteri- og stiftelsestilsynet her.